osten98

Medlem
  • Content count

    714
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    37

osten98 last won the day on August 5

osten98 had the most liked content!

Community Reputation

134 God

About osten98

  • Birthday

Profile Information

  • Kjønn
    Mann
  • Hjemby
    Olden
  • Interesser
    Fotball, skiskyting

Tilleggsinformasjon

  • Favorittklubb
    Liverpool, Lillestrøm
  • Favorittversjon
    FM
  1. Pre Season 2020/21: Forventningar: Styret: Kjemp tappert mot nedrykk, nå første runde i FA-Cupen og Ligacupen og andre runde i Checktrade Trophy. Media: 20. plass, med odds på 301,00 på å vinne ligaen. Oddsen for at vi går ned er på 2,50. Eigne forventningar: For ein gongs skuld har vi haldt oss i ein divisjon, og det gjer meg meir optimistisk enn før dei foregåande sesongane. Vi gjorde det greit mot slutten av sesongen i fjor, og eg håpar at vi klarar å prestere enda eitt hakk betre denne sesongen. Kor høgt oppe vi klarar å hamne er vanskeleg å sei, kanskje midt på tabellen? Det er lov å drøyme om play-off, who knows? Hovudmålet blir som vanleg å unngå nedrykk, så lista er ikkje satt veldig høgt. I cupane er eg alltid gira på eit cup-run, i håp om å få inn så mykje midlar som mogleg. Overgongar: - Sam Norris - Hull - Lån - Albert Andrew - Watford - Lån - Ged Perry - Sheffield Wednesday - Lån - Jack Everest - Bolton - Gratis - Sylvian Phillips - MK Dons - Gratis - Anthony O'Halloran - Blackpool - Gratis - Connor Furlong - MK Dons - Gratis - Louis Metcalfe - Huddersfield - Lån - Paul Towers - Norwich - Lån Nok ein gong ein sommar med mange signeringar. Dei tre første er spelarar som returnerar til klubben på eit nytt lån, der Norris kjem til å bli viktig defensivt, med tanke på fjorårssesongen, medan Perry er tilbake for å score fleire mål for klubben. Fjorårets beste spelar i ligaen, så det blir spennande å sjå kva han kan levere for oss denne sesongen. At Sheffield Wednesday lar oss låne han igjen er ikkje til å tru, men eg tar imot det eg kan få. I tillegg til dette er Andrew klar for sin tredje strake sesong på lån hos oss. 70 kampar og 7.24 i rating er ståa etter hans to første sesongar her. Ellers har vi også signert ein del spelarar som blei frigitt av sine tidlegare klubbar. Deriblant Everest som skal gi Linley hard kamp om plassen ute til høgre, medan Phillips vi være backup for Charles til å byrje med. O'Halloran kjem inn for å forsterke forsvaret, som ein slags backup spelar, med stort talent. Furlong er ein spelar mange faktisk har høyrt om, men som ikkje har levd heilt opp til potensialet sitt så langt i karrieren. Han kjem inn, også han som ein slags backup spelar, eller ein joker på benken. Den offensive midtbana vår er svært sterk, særleg etter signeringane av Perry, Furlong og Towers dette vindauget. Sistnemnte kjem inn på eit sesonglangt låneopphald, og kjem til å figurere regelmessig der framme. Til slutt får vi også inn Metcalfe på lån frå Huddersfield, ein mann som kjem til å kjempe med Batty og Coleman om plassen på DM. - Sam Berry - Gratis - Ben Pollock - Gratis - Terry Hawkridge - Gratis - Danny Whitehead - Gratis - Perry Ng - Walsall - £20K For første gong i karrieren klarar eg å selje ein spelar og få pengar for han. Perry Ng blei aldri ein hit på Moss Lane, og etter berre 9 kampar på den sesongen han var i klubben var det godt å få han av lønningslista. Og som om ikkje det var nok endar vi opp med å tene £20K på salget av han. Dei fire andre er spelarar som ikkje lenger held nivået i klubben, og som blei frigitt etter endt kontrakt. Treningskampar: Lincoln City 1-3 Altrincham - Connor Malley (40), Kyle Taylor (42), Jordan Linley (63) Altrincham 1-0 Birmingham - Ged Perry (30) Chorley 1-5 Altrincham - Ged Perry (20, 29), Daniel Batty (45+1), Nick Haughton (65), Kyle Taylor (67) Altrincham 2-1 Bournemouth - Daniel Batty (34), Ged Perry (71) Port Vale 1-2 Altrincham - Ged Perry (47), Anthony O'Halloran (70) Altrincham 0-1 Liverpool Hartlepool 2-2 Altrincham - Ged Perry (20, 85) Altrincham 0-1 Burnley Altrincham 2-2 Barrow - Kyle Taylor (1), Ged Perry (42) FC United of Manchester 1-3 Altrincham - James Lawrie (str. 70), Daniel Batty (79), Connor Malley (89) Ein fullstappa pre-season for å få dei nye spelarane inn i systemet vårt, og for å komme ordentleg i gong foran den nye sesongen. Vi opnar greit, med ein klar siger over Lincoln, akkurat som forventa. Etter dette overgår vi forventningane med å slå Championship laget Birmingham! Vi held så fram med å knuse lille Chorley, akkurat slik vi skal gjere. I den neste kampen overgår vi nok ein gong forventningane med ein siger over laget som i fjor enda på 10. plass i Premier League! Ein siger over Port Vale blir etterfulgt av eit oppløftande lite tap mot Liverpool, før vi skuffar mot Hartlepool, leverer ein ny solid kamp mot eit Premier League lag i Burnley, og spelar på ny 2-2 mot eit League 2 lag... Går litt opp og ned, men det er slik det er i pre season. Vi avsluttar oppladninga til den nye sesongen med ein solid siger mot FC United of Manchester, og er med det klare for ein ny sesong. Forhåpentlegvis kan den bli betre enn den førre, stallen er iallfall sterkare, og eg er iallfall spent! Korleis det går får du vite om du følger med vidare!
  2. 2018/19 - Vår Overgongar: - Tommy Lee - Chesterfield - £18,75K - Matt Preston - Walsall - £140K To personar kjem inn i januar vindauget, to personar som kjem til å styrke forsvaret vårt. Tommy Lee er ein erfaren keeper, som kom får Manchester United sitt akademi, og har spelt dei siste tolv sesongane i Chesterfield, i League 1 og League 2. Svært god ein mot ein, og har solide refleksar, og kjem til å styrke denne posisjonen betrakteleg. Ein annan mann som kjem inn for å forsterke forsvaret er Matt Preston. Den største overgongssummen eg har betalt så langt, men denne gongen trur eg det er verdt det. Legg merke til at verdien hans allereie er på £350K. Preston er god i lufta, har god hurtighet og er sterk fysisk, tre gode eigenskapar for ein stoppar. Alt i alt er eg svært godt fornøgd med vindauget i januar, så får vi håpe på at dette er godt nok til å sørge for at vi beheld plassen i ligaen. Sky Bet League 2: Januar: Altrincham 1-2 Colchester - Ged Perry (7) RK: Daniel Batty (39) Altrincham 3-1 Swindon Town - Kyle Taylor (32), Paul Smith (s.m. 90+2), Nick Haughton (90+2) Charlton 4-3 Altrincham - Nick Haughton (6), Albert Andrew (8), Ged Perry (79) Altrincham 1-0 Coventry - Daniel Batty (str. 62) AFC Wimbledon 2-2 Altrincham - Ged Perry (9), Connor Malley (90+2) Januar er som vanleg ein travel månad, med både cupkampar og ligaspel. Vi får ein tung start på året, då Batty ser det raude kortet før vi klarar å gi bort nok ein leiing. Etter dette reiser vi oss mot Swindon, i ein kamp som får ein ellevill avslutning. Etter 89 minutt får bortlaget ein mann utvist, og vi klarar å dra nytte av det lille overtaket vi fekk. To scoringar på under eitt minutt, to minutt på overtid sørga for at vi sikra oss alle tre poenga. Det gjorde vi ikkje mot Charlton, der vi først klarte å gi bort ein to målsleiing, før vi slapp inn vinnarmålet i det 90. minutt. Derfor var det deilig å endeleg klare å halde nullen igjen mot Coventry, i ein kamp der Batty satte det einaste målet, frå straffemerket. I kampen mot Wimbledon blir det nok ein gong dramatikk, då Malley sørga for at eitt poeng blei med heim igjen frå kampen. Februar: Altrincham 0-0 Gillingham Bradford City 1-0 Altrincham Altrincham 5-2 Rochdale - Daniel Batty (16, 57, str. 71), Ged Perry (73), Nicholas Lee (77) Bolton 3-0 Altrincham Altrincham 2-0 Plymouth - Connor Malley (64), Nicholas Lee (69) MK Dons 1-0 Altrincham Dette her vart ein merkeleg månad. Vi er laget som scorar flest mål i liganen, men går mållause av bana fire gongar på ein månad. Til gjengjeld gjer vi det godt når vi først klarar å score. Det er ein slags ketchupeffekt, der måla kjem når dei først kjem. Vi brukar berre seks minutt på å score tre mot Rochdale og fem minutt på å score dei to einaste mot Plymouth. I motsetning til tidlegare kampar denne sesongen, og tidlegare, klarar vi ikkje å få det tidlige målet, som opnar opp kampen. Dermed må vi gå av bana utan resultat. Mars: Altrincham 1-1 Sheffield United - Connor Malley (22) Mansfield 1-3 Altrincham - Ged Perry (3), Kyle Taylor (24), Nicholas Lee (34) Altrincham 0-0 Portsmouth Rotherham 1-5 Altrincham - Ged Perry (38, 61), Kyle Taylor (50), Connor Malley (80, 88) Burton Albion 1-0 Altrincham Wycombe 1-0 Altrincham Ein ny månad som faktisk liknar ganske mykje på den førre. Når vi først klarar å score, så kjem måla. Vi får også to uavgjorte resultat, som er viktige i kampen mot nedrykk. Sigrane mot Mansfield og Rotherham er svært solide, og deilige å få inn. Kvart mål hjelp på målforskjellen, som fort kan bli avgjerande i det som er ein svært jamn sesong. Den dårlege avslutninga på månaden gjer at vi dett litt på tabellen, og er avhengige av å klare å kome tilbake i ein flyt som liknar på den vi hadde i desember om vi vil halde plassen. April: Altrincham 1-2 Blackpool - Albert Andrew (2) Colchester 1-0 Altrincham Altrincham 4-3 Scunthorpe - Albert Andrew (6), Ged Perry (8, 42), Connor Malley (72) Nok ein skuffande månad. April blir kort, med berre tre kampar. Mot Blackpool klarar vi nok ein gong å rote bort ein leiing, før vi ikkje klarar å score mot Colchester, og ryk på tap nummer to mot dei på to kampar i år. Når måla først kjem, så kjem dei, og det viser vi nok ein gong mot Scunthorpe. Vi leiar 2-0 etter 39 minutt, før vi slepp inn to mål på eitt minutt. Då såg eg mørkt på ting, men så klarte vi å ta oss saman, og ro inn ein svært viktig tre-poenger. Mai: Blackburn 1-1 Altrincham - Ged Perry (3) Altrincham 1-0 Shrewsbury - Ged Perry (21) Vi møter høgtflygande Blackburn som allereie har vunnet ligaen i nest siste serierunde, og sjokkerar dei ved å ta leiinga tidleg. Litt mindre sjokkerande er det at vi ikkje klarar å halde på leiinga heilt inn, men det er framleis eit svært sterkt poeng mot ein solid motstandar. Når vi så møter Shrewsbury i siste serierunde spelar vi om plassering på tabellen, og klarar å halde nullen og avslutte sesongen med stil. Ein god sesong, sjølv om den ikkje kan måle seg med dei tidlegare. Det viktigaste er plasseringa i liganen, som du kan sjå under: Vi klarar å halde hovudet over vatnet, og får lov til å spele i denne divisjonen ein sesong til. Vi scorar desidert flest mål i ligaen, så dersom vi berre lærer oss å forsvare leiingar og å forsvare oss litt betre kan den komande sesongen bli svært spennande. Målet er å unngå nedrykk, men det er alltid lov å håpe at vi kan overgå forventningar. For dei som lurer, så var det Bradford City som enda opp med å sikre seg den siste playoff plassen. Dei nyopprykka laga foran neste sesong er Leyton Orient, Exeter City, Bury og Southend United. Statistikk har dei siste sesongane vore morosame å halde eit auge på, særleg fordi vi har gjort det skarpt. I år gjorde vi ein sesong som ikkje kan måle seg med tidlegare, men vi hevdar oss framleis i toppen av statsa. Blant anna scorar vi sju mål fleire enn den soleklare ligavinnaren Blackburn og vi er best på å treffe målet. Det er også verdt å nemne gjennomsnittleg ballinnehav, som vi har dominert i år. Vi har meir enn 4% meir ballinnehav enn laget på andreplass! Dersom vi klarar å halde fram slik kan neste sesong bli fin. Dei individuelle stasta er også moro lesing. Som vanleg dominerar vi nøkkelpasning statistikken, der dei fire første plassane høyrer til våre offensive midtbanespelarar. Ged Perry leverer 101 nøkkelpasningar, medan den første ikkje-Alty spelaren på denne lista har 53! Kva kan man sei om sånt? Gjennomsnittleg rating er også gøy å sjå på, når vi også der har dei fire beste, med Perry som leverar 7.69! Stoppar Matt Preston, som kom inn i januar, fekk 19 kampar, og er derfor ikkje innanfor nummer på kampar du må ha for å kome med på denne lista (23), men han hadde utrulege 7,51 i rating, som stoppar for laget med flest baklengs i ligaen. Perry er også assistkongen i ligaen, og eg er stolt over å kunne meddele at han allereie har signert på ein ny lånekontrakt, og vi vil få glede oss over han også neste sesong! Cupar: EFL Ligacup: Blackburn 5-1 Altrincham - Nick Haughton (63) Off, dette er verkeleg ikkje vår cup... For andre året på rad ryk vi i første runde, med knallharde sifre. Blackburn unna oss ingen nåde, og vi hadde ikkje noko vi skulle ha sagt i denne cupen... Checktrade Paint Trophy: Gruppe C: Shrewsbury 2-3 Altrincham - Albert Andrew (19), Daniel Batty (str 37), Kyle Taylor (63) Altrincham 0-2 Manchester City U23 Altrincham 4-2 Accrington Stanley - Ged Perry (11, 74, 75), Louis Laing (s.m. 22) Og desse seks poenga var nok til å sikre oss avansement, på ein andreplass bak Man City U23. Sheffield United 1-3 Altrincham - Connor Malley (30, 48), Ged Perry (63) - 2. Runde Nord Liverpool U23 1-2 Altrincham - Albert Andrew (60), Danny Whitehead (74) - 3. Runde Nord Altrincham 5-2 Rochdale - Connor Malley (3), Ged Perry (29, 51), Jordan Linley (58), Kyle Taylor (86) - Kvartfinale Manchester United U23 3-0 Altrincham - RK: Daniel Batty (84) - Semifinale Vi gjer det nok ein gong godt i denne cupen. I gruppespelet slår vi Shrewsbury og Accrington, i to kampar der vi leverer fin offensiv fotball. I utslagsrundene får vi blant anna revansje frå tapet mot Liverpool i fjor, og vi knuser nok ein gong Rochdale med kalassiffer i kvartfinalen. I semifinalen seier det stopp mot Manchester United U23, som tilslutt vinn heile turneringa. Vi dreg med oss god erfaring frå turneringa, og i tillegg får vi fyllt opp klubbkassa med litt premiepenger. FA-Cupen: Altrincham 3-0 Blackpool - Ged Perry (45+1, 90+2), Kyle Taylor (54) - 1. Runde Sheffield United 2-4 Altrincham - Kyle Taylor (3), Ged Perry (19), Albert Andrew (39), Sam Norris (55) - 2. Runde Altrincham 2-0 Bristol Rovers - Kyle Taylor (16), Ged Perry (46) - 3. Runde Altrincham 1-3 Liverpool - Kyle Taylor (70) - 4. Runde Ah, den magiske FA Cupen. Kven kan gløyme fjordåret, då vi klarte å slå ut Chelsea frå denne turneringa? Vi får ein overkommeleg, men på langt nær enkel reise fram til 4. runde av cupen, med sigrar mot Blackpool, Sheffield United (i nok ein cup denne sesongen) og Bristol Rovers. Den magiske fjerde runda klarte vi nok ein gong å kome oss til, runda der vi kan risikere å møte gigantane i England. Og nok ein gong skjedde dette. Nok ein gong blei vi også trukket på heimebane. Naturlegvis er det gøy å fylle opp gode gamle Moss Lane, men det hadde vore enda betre å få 30.000 ish fans til Anfield, og dele overskotet med LFC. Anyway, vi leverer ein grei kamp, så god som vi kan forvente mot Liverpool, som har lært av Chelsea i fjor, og stiller med bortimot toppa lag, med blant andre Mignolet, Matip, Sakho, Gylfi Sigurdsson og Marcus Coco. I tillegg varma det eit norsk hjarte å sjå at Edvard Tagseth fekk ein halv time. Det endar opp med eit top for dei raude frå Merseyside, og vårt cuprun tok slutt ein runde tidlegare enn i fjor. Prisdryss: Inad i klubben såg prisutdelinga slik ut. Perry er den heldige vinnaren av årets spelar, svært fortjent. Årets signering var Preston, som leverte fantastiske prestasjonar etter at han signerte, med ein rating på 7.51. Unge Perry blei også årets unge spelar, i ein alder av berre 18 år. Og når han også sikrar seg årets spelar i ligaen, så seier vel det sitt om hans sesong. Eg er berre glad for at vi får behalde han i ein sesong til, det kan verkeleg gjere under for oss i den komande sesongen. ******************************************************* Kva tenkjer du om den komande sesongen for Alty? For første gong klarte vi ikkje å rykke opp, og skal no forsøke å etablere oss i ligaen. Kanskje kan vi sikte høgre, kanskje må vi nok ein gong kjempe mot nedrykk. Har du forslag til noko som kan gjere rapporten betre? Eventuelt spørsmål, ønsker eller liknande? Legg igjen ein kommentar, så skal du få svar.
  3. 2018/19 - Haust: Sky Bet League 1: August: Northampton 0-0 Altrincham Altrincham 3-1 Peterborough - Luke Steele (s.m. 45), Jordan Linley (81), James Lawrie (90+2) Swindon Town 4-0 Altrincham Altrincham 3-0 Charlton - Nicholas Lee (11, 20), James Lawrie (73) RK: Daniel Batty (61) Coventry 4-1 Altrincham - Albert Andrew (64) Kva kan man sei om denne sesongstarten? Vel, ikkje ein slik pangstart som vi har fått tidlegare, men det er den typen start vi kunne forvente etter eit opprykk. Vi opnar faktisk med å halde nullen, før vi slår Peterborough heime. Etter dette ryk vi på eit sviande tap for Swindon, som er overlegne, rett og slett. Mot Charlton er vi endeleg heime framfor eigne supporterar, og leverer nok ein god forestilling. Ute på reise igjen blir det nok eit tap, noko som sørgar for at vi står med 7 poeng på dei første fem kampane, og ligg plassert på ein 14. plass. September: Altrincham 1-2 AFC Wimbledon - Albert Andrew (6) Gillingham 1-1 Altrincham - James Lawrie (50) Altrincham 1-2 Bradford - Ged Perry (36) Rochdale 3-2 Altrincham - Ged Perry (1), Connor Malley (77) Ojda... Der traff vi veggen. Man har lenge forventa at det skal skje, og no skjedde det altså, vi slit verkeleg. Andrew sørgar for at vi leiar mot Wimbledon, fram til det er spelt 82 minutt. To mål på to minutt sørgar for at gjestane tek med seg alle poenga. Månadens einaste opptur kjem mot Gillingham, då vi tek eitt einsleg poeng med oss i bagasjen. Dette vart etterfulgt av to knappe tap, der vi blant anna gav bort nok ein leiing til Rochdale, og enda månaden på nedrykksplass, med berre tre lag bak oss. Oktober: Atrincham 3-4 Bolton - Kyle Taylor (64), Ged Perry (67, 80) Plymouth 2-1 Altrincham - Albert Andrew (42) RK: Daniel Batty (77) Altrincham 3-1 MK Dons - Dion Charles (14), Albert Andrew (23), Scott Wootton (s.m. 31) Sheffield United 4-1 Altrincham - Ged Perry (50) Altrincham 1-1 Mansfield - Barry Sweeney (88) Portsmouth 4-4 Altrincham - Albert Andrew (5), Kyle Taylor (18, 22), Ged Perry (31) Den forferdelege formen held fram inn i ein ny månad, og etter tapa for Bolton og Plymouth, to nye eitmålstap, ligg vi heilt sist i ligaen... Sigeren over MK Dons hjelp på, men to poeng på dei tre siste oppgjera sørger for at vi ligg på ein 23 plass etter dei første 15 kampane. Mot Mansfield leia vi faktisk heilt til det var spelt 92 minutt, då vi selvfølgelig gav bort to av poenga. Også mot Portsmouth var vi gåvmilde, og gav frå oss to tomålsleingar. November: Altrincham 2-1 Rotherham - Kyle Taylor (15), Albert Andrew (45+1) Burton Albion 2-3 Altrincham - Ged Perry (16, 34), Albert Andrew (45+1) Altrincham 1-2 Wycombe - Kyle Taylor (30) Backpool 3-2 Altrincham - Kyle Taylor (18), Nicholas Lee (20) RK: Nicholas Lee (86) Scunthorpe 2-0 Altrincham Vi får faktisk ein god start på månaden, og går fire kampar på rad utan tap i ligaen! Det er svært jamne kampar vi har spelt så langt, og det er ikkje ofte vi ser meir enn eittmålssigrar. I tillegg skal det seiast at vi har gjort ein god jobb i førsteomgang, der dei aller fleste måla våre (samtlege denne månaden) har blitt scora. Vi klarar dessverre alt for sjeldan å halde ut heile kampen, slik som mot Blackpool, der vi leia 0-2 til pause, for så å tape 3-2... Dei tre tapa vi fekk på slutten av månaden sendte oss også ned til 24. plass på tabellen. Vi må verkeleg få til ein ordentleg kjede med gode resultat. Desember: Altrincham 6-3 Northampton - Kyle Taylor (5, 47), Connor Malley (11, 26), Ged Perry (37), Albert Andrew (62) Peterborough 1-4 Altrincham - Kyle Taylor (3), Connor Malley (7, 12), Callum Chettle (s.m. 22) Shrewsbury 4-4 Altrincham - Albert Andrew (21, 52), Connor Malley (29), Gd Perry (38) Altrincham 2-0 Blackburn - Kyle Taylor (str. 78), Ged Perry (85) Wow, der kom endeleg resultata! Vi startar advent perfekt med ein storsiger mot Northampton, og heile seks scoringar. Mot Peterborough gjer vi det enda betre til å byrje med, og leiar 4-0 allereie etter 22 minutt. Pangstart får vi også mot Shrewsbury, der det ser ut til at vi skal få nok ein komfortabel siger, med 4-0 leiing etter 52 minutt. Denne gongen klarte vi å snuble dei siste minutta (sjokk), og det enda med poengdeling. Siste kampen i år er mot høgtflygande Blackburn, som vi utruleg nok slår, og seglar opp på ein 16. plass etter 24 serierundar. La oss håpe denne formen held fram over nyttår! Så langt har det verkeleg gått opp og ned, og det e svært jamnt i ligaen. No ønsker eg berre å klatre, og sikre oss plassen i League 1 også neste sesong. Stats: Til tross for ein tøff sesong så langt, så leverar dei offensive spelarane mine svært bra. Eit lag som ligg på 16. plass skal ikkje ha fire av dei fem spelarane med høgast gjennomsnittleg rating. Perry har vore stor så langt, med flest assist i ligaen, best rating, og soleklart flest nøkkelpasningar. Andrew, Lee og Taylor gjer det også solid i desse kategoriane. Som eit lagframstår vi som bunnsolide offensift, og svært svake defensivt. Vi har flest baklengs og flest scora mål. Tidlegare har dette haldt til å kjempe i toppen, men når resten av ligaen er så tøff som den er, viser det seg at det blir vanskelegare. Når det gjeld ballinnehav, er vi nok ein gong best i ligaen, med 55%. Gillingham på 2. plass er heilt nede i 52,63%. Svært overbevisande av oss. No er første halvdel av sesongen overstått, korleis vil det gå med oss til slutt? I likheit med kubben har også manageren fått auka ryktet sitt. Klubbar som Sunderland, Aston Villa, QPR og West Ham har faktisk hatt den unge nordmannen på ønskelista si. Vil han forbli lojal? Vil Alty halde seg i League 1? Følg med, og du får svar!
  4. Pre Season 2019/20: Forventningar: Styret: Kjemp tappert mot nedrykk, nå første runde i FA-Cupen og Ligacupen og gruppespelet i Checktrade Trophy. Media: 24. plass, med odds på 501,00 på å vinne ligaen. Oddsen for at vi går ned er på 1,20. Eigne forventningar: Eg blir berre meir og meir usikker foran kvar sesong. Vi har overraska gang på gang, men i år tvilar eg på at vi går på same skjebne. Eit håp om å unngå nedrykk, så blir alt over det ein gledelig bonus. I tillegg ønsker eg eit cup-run, kanskje ein triumf i Checktrade Trophy? Jo lenger vi går i cupane jo betre, særleg med tanke på klubbkassa. Økonomien i klubben er veldig positiv (£900.000 i pluss), og eg ønsker å oppretthalde desse tala. Overgongar: - Sam Norris - Hull - Lån - Dominic Seager - Airbus UK Broughton - Gratis - Daniel Batty - Hull - £20K - Perry Ng - Crewe - Gratis - Ged Perry - Sheffield Wednesday - Lån - Neil Senior - Barnsley - Lån - Luke Rooney - Barnet - Lån - Barry Sweeney - AFC Wimbledon - Lån - John Rooney - N/A - Gratis Eg må sei meg greit fornøgd med dette vinduet. Vi klarar å forsterke forsvaret, og gi den lagdelen enda betre breidde gjennom Norris, Ng og Senior. Vi slapp inn alt for mange mål i fjor, og vi treng større kapasitet i denne lagdelen dersom vi skal klare å hade oss oppe. Derfor var dette første prioritet i dette vinduet. Andre prioritet var å finne nokon som kan spele på kanten på midtbana, då vi ikkje har noko breidde her i det heile. Rooney kom inn på lån for å ta seg av dette. Om han blir førstelagsspelar eller backup gjenstår å sjå, det blir nok litt rotasjon. Ellers signerte vi waliseren Dominic Seager frå Airbus, ein spennande offensiv midtbanespelar, som er ein mann for framtida, håpar eg. Einaste mannen vi brukar pengar på i sommar er Batty, ein solid midtbanespelar frå Hull. Han var verdsatt il £60K, så at vi fekk han for 1/3 av dette er heilt fantastisk. Vi hadde eit overgangsbudsjett på £360K, men jo mindre vi brukar, jo betre. Vi får også inn Sweeney på eit lån, som ein rein backupspelar på defensiv midtbane. Den mest spennande spelaren vi får inn er Ged Perry, ein spelar med ei stor framtid, som blir med oss denne sesongen på lån. I fjor blei det store utskiftingar, men i år forsvinn berre ein mann i dette vindauget, og det er Rooney som er ferdigspelt i klubben, etter 16 kampar fordelt på to sesongar. Kampar: Altrincham 5-1 Bolton - Kyle Taylor (34, 35, 36), Albert Andrew (67), James Lawrie (77) Guiseley 1-7 Altrincham - Kyle Taylor (7, 19, 25), Connor Malley (31, 45+1), Albert Andre (66, 82) Altrincham 2-3 Tranmere - Dion Charles (2), Nicholas Lee (7) Kidderminster Harriers 2-5 Altrincham - Kyle Taylor (4, 40), Abert Andrew (35, 70), Terry Hawridge (50) Altrincham 1-3 Aston Villa - Connor Malley (27) Chester 0-6 Altrincham - Jordan Linley (5), Nicholas Lee (18), Kyle Taylor (21, 30, 71), Connor Malley (23) Altrincham 2-0 Wrexham - Connor Malley (46), Kyle Taylor (49) Abbey Hey 1-3 Altrincham - Kyle Taylor (str. 15), Ged Perry (41), Daniel Batty (65) Altrincham 1-3 Everton - Danny Whitehead (21) Wow, litt av ein pre-season. Ein ting er det liten tvil om, det luktar mål av oss på lang veg! Målforskjel på 32-12 på våre 9 kampar denne oppkøyringar er ekstremt. Kyle Taylor er den store spelaren med eit hat-trick i hat-trick, og til saman 13 mål! Det at han var ute med skade mot Everton gjer denne prestasjonen enda betre, og vi får berre håpe at han er raskt tilbake i tilsvarande form. Det heile opna heime mot ligarival Bolton, og vi køyrte over dei. Taylor med eit av dei raskaste hat-tricka eg har sett, 2:23 brukte han på denne prestasjonen. Noko som historisk sett ville plassert han på ein femte plass over tidenes raskaste mann til å nå tre mål. Mot Guiseley valsar vi over den lisje klubben, før vi går på eit tap mot Tranmere. Kidderminster får så smake på Kyle Taylor og co sin vrede, før vi blir senka av Villa i matchen etterpå. Tre solide sigrar mot Chester, Wrexham og Abbey Hey, tre lag vi skal vere betre enn. Eg hadde likt å slå sistnemnte med større margin, då dette er det desidert svakaste laget vi møtte denne pre-seasonen. Vi avsluttar mot Everton, som slår oss forhaldsvis komfortabelt for tredje sesong på rad, men vi kjem nermare og nermare eit solid resultat mot dei blå (4-0 og 3-0 som dei øvrige resultata). Og med det var nok ein preseason over. Korleis klarar vi oss når alvoret blir sparka igang? Kan vi klare å unngå nedrykk? Midt på tabellen? Oppykk igjen? Haha, alltid lov å drøyme, og berre den som følgjer med vidare vil vite korleis det går med Altrincham i Tonnings fjerde år som sjef.
  5. 2018/19 - Vår Overgongar: - Eddie Hancock - Ipswich Town - Lån Når lånet til Woolston blir avbrutt grunn null speletid måtte vi få inn ein ny keeper som kunne vere backup for Aspinall. Særleg når sistnemnte blir skadd to dagar etter at Woolston returnerte til Newcastle. Hancock skal bli god å ha i troppen. Sky Bet League 2: Januar: Portsmouth 2-4 Altrincham - Nicholas Lee (24), Albert Andrew (64),James Lawrie (68), Danny Whitehead (72) Altrincham 1-4 Shrewsbury - Nicholas Lee (38) Grimsby 0-1 Altrincham - Nick Haughton (53) Altrincham 4-0 Luton Town - Nick Haughton (25, 45+1), James Lawrie (38), Terry Hawkridge (67) Notts County 0-2 Altrincham - James Lawrie (47), Danny Whitehead (65) Altrincham 2-0 Chesterfield - Nick Haughton (36), Jordan Linley (70) Årets første månad blir ein herleg ein for oss! Vi held fram med storspelet, og det er berre opprykksrival Shrewsbury som klarar å stoppe oss denne månaden. Tidlegare Premier League lad Portsmouth får kjenne på angrepsrekka vår i ein kamp som lever opp til forventningane. Etter tapet mot Shrewsbury klarar vi også det utrulege, iallfall til oss å vere - Vi held nullen i FIRE kampar på rad! Det trur eg ikkje har skjedd i min Alty karriere, og viser virkeleg kor sterke vi har blitt. Denne fantastiske formen har også gjort at vi har klatra på tabellen, og ligg no på ein andre plass, med luft ned til laga under oss! Februar: Exeter 2-1 Altrincham - Nick Haughton (64) Altrincham 0-2 Blackpool - RK: Terry Hutchins (70) Barrow 0-0 Altrincham Også traff vi den velkjente veggen... Ein katastrofe månad dersom vi ser på kampen om opprykk, som sjølvsagt har blitt eit fokus etter den magiske starten vi fekk på sesongen. Eitt poeng på tre kampar er nok til å få oss ned på jorda igjen etter nokre magiske månadar. Vi er ikkje stabile nok, og må verkeleg jobbe hardt på treningsfronten for å klare å halde trykket oppe. Mars: Bristol Rovers 2-0 Altrincham Altirncham 1-2 Accrington Stanley - Jack Little (s.m. 81) Altrincham 2-2 Forest Green Rovers - James Lawrie (21, 52) Altrincham 7-1 Leyton Orient - Connor Malley (14, 36), Kyle Taylor (18, 39, 85), Albert Andrew (21, 24) Southend United 0-2 Altrincham - Kyle Taylor (48), Connor Malley (84) Altrincham 2-1 Barnet - James Lawrie (7), Ethan Coleman (64) Oldham 3-0 Altrincham Altrincham 2-0 Yeovil Town - Kyle Taylor (22, 42) Seks ligakampar går vi utan å plukke ein einaste tre-poenger, og berre to poeng er Alty langt nede moralmessig. Vi har også falt frå ein forhaldsvis komfortabel 2. plass til 8. på tabellen. Det er nok ein gong spenning i kampen om opprykksplassane, og Alty ser ut til å senke akterut. Det var før kampen mot Leyton Orient. For ein måte å våkne til livet igjen på! Ikkje nok med at vi slår dei 7-1, men vi leda også 6-0 til pause! Vi er dødeleg effektive i denne matchen, og får betalt for strevet vi har haldt på med i det siste. Vi klarar også å følge opp denne sigeren med tre poeng mot både Barnet og Southend i tillegg, og desse tre resultata førar oss opp på ein tredje plass, og direkte opprykk, med 8 kampar igjen. Etter tre poeng på dei to siste denne månaden er dette framleis posisjonen vi klarar å halde fast ved. April: Doncaster 1-1 Altrincham - James Lawrie (64) Altrincham 2-3 Portsmouth - Nick Haughton (42), Kyle Taylor (88) Crawley 1-2 Altrincham - Bradley Bell (45), James Lawrie (57) Altrincham 3-2 Lincoln - Dion Charles (19, 33), Nicholas Lee (27) Ein heilt ok månad. Doncaster tok leiinga etter ein time, men Lawrie sørga for poengdeling like etterpå. Portsmouth får revasj for 4-2 tapet tidlegare denne sesongen, før vi plukkar seks poeng mot Crawley og Lincoln, to lag vi avsolutt skal slå. Vi heng framleis med i toppen, med ein tredjeplass før sesongens to siste serierundar. Vi skal møte Hartlepool og Crewe, to lag som også er med å kjempar om ein playoff plass. Mai: Hartlepool 4-1 Altrincham - Nick Haughton (54) Altrincham 1-0 Crewe - Ethan Coleman (84) Skulle det vere nødvendig å gjere det så spennande?? Eit braktap for Hartlepool gjer at vi verkeleg har press på oss foran den siste serierunda. Vi har ein svak målforskjell, og vi kjemapar mot Portsmouth og Accrington Stanley om den siste opprykksplassen i siste serierunde. Portsmouth vinn sin kamp komfortabelt 4-1, medan Accrington spelar 2-2. Dermed såg det lenge ut til at det var dei blåkledde som skulle sikre seg direkte opprykk gjennom ein tredjeplass, men så kjem Ethan Coleman på betre tankar, og med seks ordinere minutt igjen på klokka satte han ballen i nota, og sikra Alty sitt tredje opprykk på like mange år! Det er heilt uvirkeleg, heilt fantastisk! Det er tredje sesong på rad vi endar på ein tredje plass, og vi har overgått alle forventningar med dette opprykket. For ein eventyrleg sesong, korleis det er mogleg veit eg ikkje! Og her er det definitive beviset på at Altrincham nok ein gong skal opp eit nivå. Dette kan vi utan tvil takke våre offensive spelarar for, og vi endar faktisk opp som laget med nest flest scoringar. Defensivt var det ikkje så solid, og der er berre tre lag som slapp inn fleire mål enn oss denne sesongen... Menmen, det er poenga som teller! Statistikkane er nok ein gong fine å studere. Alty har best possesion igjen, med 55% som nyopprykka. I tillegg til dette er vi også best på å treffe mål, noko som ikkje er nokon ulempe når man spelar fotball. På individuelle prestasjonar leverar ein også mykje solid. Nok ein gong er det Lawrie som stjel showet, særleg med nøkkelpasningane hans, 98, med neste mann på lista, som også er Alty spelarar, Haughton og Taylor med 57 kvar! Enormt av laget dette. Lawrie har også best gjennomsnittleg rating, noko som ikkje er til å tru når du ser profilen hans... Ein ekte legende i klubben har han blitt, med 60 scoringar på dei tre siste sesongane, får offensiv midtbane posisjon! Cupar: EFL Liga Cup: Altrincham 1-4 Huddersfield - James Lawrie (73) - 1. Runde Vi ryk allereie i første runde, ikkje overraskande mtp. motstanden. Vi held ut i 45 minutt, men rett før pause sett Nahki Wells inn sin første av 4 scoringar, i ein kamp Huddersfield ikkje har nokon problem med å vinne. Checktrade Paint Trophy: Gruppe D: Rochdale 1-1s Altrincham - Nicholas Lee (37) (2-4 på straffer) Altrincham 1-2 Liverpool U23 - Nicholas Lee (37) Altrincham 3-1 Wigan - James Lawrie (2), Albert Andrew (17), Connor Malley (21)' Fem poeng på desse tre kampane er nok til avansement frå gruppe D Lincoln 3-3s Altrincham - Nick Haughton (25), Kyle Taylor (51), James Lawrie (74) (4-5 på straffer) - 2. Runde nord Bury 2-0 Altrincham - 3. Runde nord Vi kjem oss eit stykke i denne 'B' cupen, faktisk heilt til 8. dels finalane, der vi blei slått av Bury. Likevel fleire gode prestasjonar, særleg i kampen mot Liverpool, der Mignolet, Moreno, Can, Wijnaldum og Lucas starta, og Wijnaldum avgjorde kampen med eit straffespark etter 85 minutt. Ein cup vi kan vere stolte over. FA Cupen: Maidstone 0-2 Altrincham - Marcus Kelly (s.m. 63), James Lawrie (86) - 1. Runde Altrincham 3-1 Gillingham - Nick Haughton (26, 60), Bradley Bell (45) - 2. Runde Burton Albion 1-4 Altrincham - James Lawrie (5, 9, str. 90), Albert Andrew (50) - 3. Runde Altrincham 3-0 Chelsea - Albert Andrew (45+1), Kyle Taylor (str. 49), Nick Haughton (90) - 4. Runde Altrincham 1-3 Stoke City - Albert Andre (54) - 5. Runde For eit cuprun! Altså, det er fristande å byrje med slutten, men vi får ta det kronolgisk. Vi får enkel motstand i første runde, og slår National League North laget Maidstone enkelt 2-0. Vi hoppar så opp nokre divisjonar, og møter League 1 laget Gillingham, i ein kamp som faktisk ikkje byr på store problem, noko resultatet også avslører. Vi trudde vi skulle få for tøff motstand i den neste runda, i form av Championship laget Burton, men klarte utruleg nok å få eit resultat også her. Men det mest overraskande resultatet, det største eg har opplevd så langt i min karriere, større enn tre opprykk osv, er 3-0 seieren, fullt fortjent (!) mot Chelsea! Dei regjerande meistrane i Premier League, slått av lisje Altrincham! Greit nok, når du ser på lagoppstillinga frå matchen ser du at det ikkje var førstelaget dei stilte med, men who cares?! Alty slo Chelsea, og det vil for alltid stå i historiebøkene. The Giant Killers did it again! I 5. runde møter vi Stoke, og dei gjorde ikkje tabba til Chelsea, og stilte med eit solid mannskap, med blandt andre Lapadula og Shaquiri i startoppstillinga. Då gikk det som det måtte gå, og årets cup var over for denne gongen, men der kjem alltid ein ny sjanse. For cup er verkeleg gøy! For andre året på rad er Lawrie Alty's beste mann, med 76% av stemmene! Ein fantastisk sesong for nord-iren. Aspinall vinn faktisk årets signering - Ein mann speidarane mine fråråda meg å kjøpe. Årets unge spelar er Haughton, til tross for at han var ute med skade i fleire månadar i starten av sesongen. Ein god sesong i år, måtte neste bli like god!
  6. 2018/19 - Haust: Sky Bet League 2: August: Altrincham 1-0 Port Vale - James Lawrie (Str. 81) Shrewsbury 2-5 Altrincham - Dion Charles (10), Connor Malley (42, 49), Jordan Linley (65), Nicholas Lee (75) Altrincham 2-1 Grimsby - Sam Berry (38), James Lawrie (45+1) Luton Town 2-3 Altrincham - James Lawrie (15, 54, 82) Det er heilt utruleg! Ein perfekt månad, og det min første månad i Sky Bet League 1! Vi opnar med ein siger etter at Lawrie scora kampens einaste mål mot Port Vale frå 11 meter like før slutt. Mot den store favoritten i ligaen denne sesongen, Shrewsbury, er vi rett og slett knusande overlegne, og viser fram vår solide angrepsrekke ved å score 5 mål på bortebane. Tilbake igjen på Moss Lane er nok ein gong Lawrie matchvinnar etter at vi for ein gongs skuld klarte å snu ein kamp, noko vi klarte å gjenta mot Luton, etter å ha hamna under etter 5 minutt. Desse fire kampane gav oss ein drøymestart på sesongen, vi toppar tabellen, eg vann månadens manager, og vi svevar vidare. September: Altrincham 0-3 Notts County Chesterfield 2-3 Altrincham - Connor Malley (28, 51), Bradley Bell (55) Altrincham 1-2 Exeter - Bradley Bell (41) Blackpool 3-1 Altrincham - Dion Charles (34) Altrincham 2-1 Barrow - Kyle Taylor (9, 52) Vel, vi klarar ikkje å halde fram den enorme formen vi viste i august, men vi kan ikkje klage over september heller. Eit stygt tap heime mot Notts County sendte oss tilbake på jorda, før vi feia over Chesterfield. Heimelaget hadde knapt eit skot på mål før det var spelt ein time, og vi leia komfortabelt 3-0. Likevel klarar vi å skape spenning i kampen, men alle poenga blir med oss heim til Manchester. Etter dette tapar vi for både Exeter og Blackpool. Sistnemnde var ein frykteleg kamp, der Hutchins' sjølvmål sendte oss under 2-0. Charles gav oss håp, og ein utvisning på Blackpool sin ballvinnande midtbanespelar ga oss håp, men med alle mann i angrep gikk det som det måtte gå, med eit skuffande tap. Deilig var det derfor å sjå oss slå tilbake i neste kamp, mot Barrow. Oktober: Leyton Orient 3-3 Altrincham - Danny Whitehead (45+1, 81), Nicholas Lee (64) Altrincham 3-3 Bristol Rovers - Jordan Linley (42), Bradley Bell (78), James Lawrie (90+3) Accrington Stanley 1-1 Altrincham - Terry Hawkridge (88) Forest Green Rovers 1-2 Altrincham - Jordan Linley (19), Danny Whitehead (87) Altrincham 2-1 Southend United - Matt Penney (s.m. 34), Albert Andrew (75) Ein ny ubesigra månad! Vi leverer solid fotball framover på bana, noko to 3-3 kampar viser tydeleg. Mot Orient ligg vi faktisk under tre gongar, men klarar å hale i land eitt poeng etter ein sein scoring av Whitehead. Og appropos sein scoring: James Lawrie etter 93 minutt! For ein kjensle. Vi leia 1-0 til pause, før Rovers snudde kampen. Bell sørga for 2-2, før Pickard såg ut til å sende alle poenga med Bristol Rovers heim igjen etter 87 minutt. Men den gang ei. Seks minutt seinare var det Lawrie som ga oss eitt poeng, som der og da smakte like godt som tre. Mot Stanley er det nok ein gong ein sein utlikning som sørgar for at vi står med tre poeng etter tre kampar i oktober. To sigrar med sifra 2-1 avsluttar denne månaden for oss, etter to solide kampar mot Forest Green og Southend. Vi imponerar stadig i ligaen! November: Barnet 2-0 Altrincham Altrincham 3-1 Oldham - Albert Andrew (32), Kyle Taylor (40), Danny Whitehead (63) Yeovil Town 6-1 Altrincham - James Lawrie (21) RK: Bradley Bell (39) Altrincham 0-2 Doncaster Det var vel gjerne slik man hadde forventa seg at månadane våre skulle sjå ut etter opprykket. Tre sviande tap, og ein god siger. Hutchins scorar nok ein gong sjølvmål i møtet med Barnet, og Akinde sørga for at tapet blei dobbelt så stort. Vi får ein tung start mot Oldham også, men klarar å snu kampen til ein kjærkomen siger. Kampen mot Yeovil blir reine marerittet, med eit svært, svært sviande 6-1 tap. Det skal seiast at etter 40 minutt stod det 1-1, før Bell sin utvisning gjorde at det rakna fullstendig. Eit audmjukande tap for oss dette her. Tapet mot Doncaster er ikkje så ille, men skuffande at vi heller ikkje i denne kampen klarar å finne vegen til nettmaskene. Desember: Lincoln 2-3 Altrincham - James Lawrie (5, 69), Bradley Bell (50) Crewe 2-4 Altrincham - Nick Haughton (49), Danny Whitehead (64, 80, 90) Port Vale 0-4 Altrincham - James Lawrie (18, 34, 56), Albert Andrew (60) Altrincham 0-1 Hartlepool Altrincham 1-0 Crawley - Bradley Bell (70) Ein ny herleg månad frå vår side avsluttar dette kalenderåret. Vi opnar månaden i det som må bli ein målrik kamp, mot dei to laga som slepp inn mest mål i ligaen, samt laget som scorar nest mest. Det var det storscorande laget som trakk det lengste strået, etter mål av Lawrie og Bell. Mot Crewe står det 2-0 til heimelaget etter 47 minutt. Etter dette handlar alt om Altrincham, og vi endar til slutt opp med ein 2-4 siger, etter hat-trick av innbyttar Whitehead! Eit hat-trick blir det også på Lawrie, i kalassigeren mot Port Vale. Heimelaget fekk vel og merke to mann utvist (etter 43 og 62 minutt), og det blei fort ein roleg kveld for Alty. Eit tidleg baklengsmål var alt som skulle til for å øydelegge den fine rekka vår, men Hartlepool var det beste laget. Vi avsluttar året med tre poeng og clean sheet mot Crawley, i det som så langt har vert ein sesong vi berre kunne drøyme om! Denne tabellen er eit bevis på det. Vi lever i drøymeland, og leverar solide resultat på rekke og rad, noko som gjer at vi nok ein gong er med i kampen om opprykk. Vi tar ingenting for gitt, og alt som skulle skje resten av sesongen blir rett og slett ein rein bonus. Man burde også merke seg målforskjellen vår, som er svært svak. Vi hadde ein stund negativ målforskjell, medan vi låg på ein play-off plass. Dette seier kanskje meir om forsvaret vårt enn noko anna. 41 baklengs er tredje verst i ligaen, berre dårlegare enn Grimsby og Lincoln (Lincoln slapp inn 8 mål mot Portsmouth, noko som er grunnen til deira svært svake statistikk). På ein meir hyggeleg statistikk er vi det laget som scorar nest mest, berre slått av Shresbury. Så er det spennande å sjå kor langt dette kan halde. Som sagt, scorar vi nest mest mål, vi er best til å treffe mål med avslutningane våre, vi har nest best possesion, og nest best treffprosent på pasningane våre. Spelarane våre leverer også solide prestasjonar, og den statistikken som kanskje er mest oppsiktsvekkande er Key passes. Her ligg der Alty spelarar på dei tre øvste plassane, der Lawrie faktisk nesten har dobbelt så mange som mannen på andre plass! I tillegg til dette er Lawrie den beste til å treffe målet. Dersom slike prestasjonar held fram kan man ikkje utelukke at Alty er med og kjempar i toppen, også denne sesongen. Om det i det heile tatt er mogleg, så hadde det vore heilt magisk med tre opprykk på rad! Spørsmål er berre: Kan det gå? For svar på det må du følgje med vidare!
  7. Pre Season 2017/18: Forventningar: Styret: Kjemp tappert mot nedrykk, nå første runde i FA-Cupen og Ligacupen og gruppespelet i Checktrade Trophy Media: 23. plass, med odds på 701,00 på å vinne ligaen. Oddsen for at vi går ned er på 2,10. Eigne forventningar: Eg er veldig usikker på den komande sesongen. Med tanke på stallen og slikt er det mulig vi rykka opp ein sesong for tidlig... Men likevel, når vi først er her må vi kjempe. Å unngå nedrykk er igjen målet, så får vi satse på at vi klarar å forsterke betrakteleg til å klare dette. Å kome seg eit stykke i FA- og Ligacupen hadde også vore deilig, med tanke på ekstra midlar i kassa. Å unngå nedrykk blir førsteprioritet. Overgongar: - Terry Hawkridge - Notts County - £10,25K - Connor Malley - Middlesborough - Gratis - Ethan Coleman - N/A - Gratis - Joe Maguire - Fleetwood - £62K - Kyle Taylor - Bournemouth - Gratis - James Aspinall - N/A - Gratis - Danny Whitehead - Wigan - Gratis - Dion Charles - Fleetwood - Gratis - Tyles Magloire - Blackburn - Lån - Terry Hutchins - MK Dons - Gratis - Tommy Oulridge - Swindon - Lån - Josh Reaney - Sheffield Wednesday - Gratis - Paul Woolston - Newcastle - Lån - Albert Andrew - Watford - Lån - Bradley Bell - MK Dons - Lån Puh, det var ein intens sommar. Antakelegvis det mest travle overgongsvindauget eg nokon gong har opplevd på FM. I tillegg til desse 15 signeringane forlet 21 spelarar oss, deriblant James Spencer og Tim Deasy i mål, Moult, Richman og Osbourne frå midtbana, spissane Dolling og Miller, samt stoppar Hannigan. Når vi i tillegg rykka opp ein divisjon var det liten tvil om at det var på tide med forsterkningar i samtlege ledd. Derfor den intense sommarhandelen. Eg går gjennom dei i kronologisk rekkefølgje: Hawkridge: Første spelaren eg nokon gong betalar for i min Alty karriere. Lånet til Dion Charles løp ut, og vi trengte nokon som kunne spele på høgemidten. Derfor blei Hawkridge henta inn, og forhåpentlegvis klarar han å levere varene. Malley: Ein svært spennande offensiv midtbanespelar. Ein posisjon vi treng forsterkingar i, og denne unggutten kan bli ein stor spelar for oss. Coleman: Med Osbourne sluppet på free transfer trong vi ein defensiv midtbanespelar. Den tidlegare Reading unggutten kjem av den grunn inn. Maguire; £62K... Ein enorm sum, eg er fullstendig klar over det. Er han verdt det? Neppe... Men ein solid forsvarsspelar, som gir oss større breidde i eit svakt ledd. Vi må få ned antal innslupne, og forhåpentlegvis klarar Maguire å hjelpe oss med dette. Taylor: Kjem frå Bournemouth akademiet, og innehar fart og overblikk. Ein ny spennande spelar i det offensive midtbaneleddet. For eit lag som brukar 3 OM er dette verkeleg ein posisjon vi er avhengige av breidde i. Aspinall: Deasy og Spencer ut gjer at vi trong ein ny keeper. Sjølv om ikkje speidarane var overbeviste om denne karen var det det beste vi kunne finne. Han har ikkje så verst stats, så forhåpentlegvis kan han også hjelpe oss til å begrense baklengsmåla i år. Whitehead: Eit kjent namn. 42 kampar, 10 mål, 12 assist og rating på 7,33 for oss førre sesong. Likevel slapp Wigan han på free transfer, og vi var raske med å få ut fingeren og sikre oss 24 åringen. Charles: Nytt kjent namn. 43 kampar, 2 mål, 14 assist og rating på 7,18 var ikkje nok til ein ny kontrakt hjå Fleetwood, men meir enn nok til å få oss til å sikle etter han. Ville først ikkje gå inn i forhandlingar, men blei til slutt overbevist då ingen andre viste interesse. Magloire: På lån frå Blackburn. Vi må verkeleg forsterke i forsvarsleddet, og Magloire kan hjelpe oss her. Hutchins: 46 kampar, 2 mål og 2 assist frå stopparposisjonen sin i fjor, saman med sine 17 kampar sesongen før det. Fekk ikkje ny kontrakt med MK Dons, og blei til slutt enig, om noko motvillig, til å signere permanent for oss. Oulridge: Rein backup på høgre midten. Reaney: Backup både som stoppar og som DM. Woolston: Backup-keeper Andrew: Svært spennande midtbane, som vil dele på speletida med Bell. Bell: Tilbake på eit nytt lån etter 46 kampar og 19 (!) mål som sentral midtbane førre sesong. Svært viktig i fjor, spennande å sjå han på eit høgare nivå. Treningskampar: Altrincham 0-1 Carlisle Colwyn Bay 1-1 Altrincham - Dion Charles (50) Workington 0-2 Altrincham - Nick Haughton (44), Eddie McGarry (87) Altrincham 1-1 Leicester - Nick Haughton (75) Altrincham 0-3 Everton Altrincham 1-2 Sheffield United - James Lawrie (90) Trafford 0-3 Altrincham - Kyle Taylor (5), Danny Whitehead (42), James Lawrie (65) Altrincham 0-1 Bury Altrincham 3-3 AFC Wimbledon - Bradley Bell (8, 58), Connor Malley (68) Mykje raudt og gult i denne preseasonen, og mange kampar. Det er ikkje tilfeldig, då vi har 15 nye spelarar inn i troppen, og ikkje alt for lang tid til å forberede oss på den nye sesongen. Møtte mykje solid motstand, og det er berre kampen mot Colwyn Bay eg er skuffa over. League 1 laget Carlisle slår oss 1-0 i opninga, før vi spelar uavgjort mot Evo Stik laget Colwyn Bay. Evo Stik er då divisjonen under Vanarama National League North, så de ser kanskje skuffelsen min. Oppskriftsmessig siger mot Worthington, etterfulgt av høgdepunktet av årets silly season - uavgjort mot Leicester! Etter dette tapar vi mot Everton og Sheffield United, ikkje overraskande. Vi slår underdog Trafford 3-0 og tapar for Bury. Den siste kampen mot Wimbledon blir litt skuffande, då vi leia både 2-0 og 3-1, men klarte ikkje å halde på leiinga no heller... Likevel, vi er klare for ein ny sesong, som blir meir spennande enn nokon gong! Korleis trur du vi klarar oss i League 2? Stay tuned for more.
  8. 2017/18 - Siste halvdel: Overgongar: - John Rooney - Gratis - 1. Januar - Josh Dolling - Rushall Olympic - Lån - 27. mars Ikkje så mykje som skjedde på overgongsfronten etter nyttår, men vi sikrar oss Rooney som kjem til å gå inn i laget som ein backup spelar. Skader på Haughton, Lee og Whitehead tvang oss til å sjå oss om etter forsterkning, noko Rooney kjem til å vere. Dolling forlet oss i nokre månadar mot slutten av sesongen for å få seg nokon kampar hos National League North klubben Rushall Olympic. Januar: Newport County 3-1 Altrincham - Bradley Bell (1) Altincham 1-0 Wrexham - Bradley Bell (18) Chelmsford City 2-3 Altrincham - John Rooney (13), James Lawrie (17, 48) Altrincham 0-1 York City Det nye året får ein pangstart når Bell scorar borte mot Newport allereie etter eitt minutt, men som så mange gongar tidlegare denne sesongen klarar vi ikkje å halde fast ved leiinga, og Newport endar opp med ein siger. Bell scorar nok ein gong opningsmålet når vi møter Wrexham, og denne gongen klarar vi utruleg nok å halde på leiinga, og sikre oss tre viktige poeng. Tre poeng blir det også mot Chelmsford, etter at Rooney scora sitt første Alty mål, og Lawrie haldt fram med den fantastiske sesongen han har hatt i år ved å score to nye mål. Vi avslutta månaden med eit skuffande tap mot York City, etter at Klukowski scora kampens einaste mål etter ein time. Februar: Bromley 1-2 Altrincham - James Lawrie (38), Terry Hutchins (66) Boreham Wood 0-1 Altrincham - James Lawrie (78) Altrincham 3-2 Guiseley - Nick Haughton (26, 34), Bradey Bell (81) Altrincham 2-2 Tamworth - James Lawrie (3, 32) Vi reiser oss raskt etter tapet mot York, og klarar for ein gongs skuld å snu ein kamp. 4 minutt tok det før Bromley tok leiinga, men berre fem minutt seinare fekk dei ein mann utvist, og etter det var det bortimot einvegskøyring. Vi tar ein fortjent siger etter å ha kjempa hardt. Borte mot Boreham Wood tar vi tre nye poeng etter at Lawrie haldt fram med scoringsfesten sin. Runda etter klarar vi også å senke Guiseley, og til tross for resultatet, så hadde vi faktisk god kontroll i denne målfesten. Når vi så tok imot Tamworth heime falt vi tilbake til gamle synder, og gav frå oss to leiingar, i poengdelinga. Mars: Sutton United 4-1 Altrincham - James Lawrie (5) Stevenage 3-4 Altrincham - Danny Whitehead (8), James Lawrie (15), Nick Haughton (31, 37) Altrincham 1-1 Maidstone - Sam Berry (37) Altrincham 3-0 Chester - James Lawrie (17), Bradley Bell (81), Danny Whitehead (87) Aldershot 0-1 Altrincham - Dion Charles (53) Altrincham 0-2 Sulihull Moors Eastleigh 0-6 Altrincham - James Lawrie (2, 14, 70), Bradley Bell (33, 75), Jordan Linley (51) Dette her er ein meget sterk månad. Sutton er det store formlaget i ligaen når vi besøker dei. Vi tar leiing tidleg, men etter det er det einvegskøyring frå Sutton si side, og dei tek ein fortjent siger som gjer at dei framleis ligg på toppen av tabellen. Etter dette møter vi Stevenage, som foran kampen låg på ein 3. plass. Etter 31 minutt leiar vi 3-0, og etter 37 har vi ein 4-1 leiing. Vi slepp dei likevel tilbake i kampen, og det blir spenning lenge, men det er Alty som tek med seg poenga heim. Neste runde skal vi ut mot 4. plassen i ligaen, Maidstone. Berry sendte oss i føringa, men like før pause utliknar bortelaget på straffe, og sørgar for poengdeling. Chester blir ingen stor utfordring for Alty som har komt seg inn i flytsona, og vinn enkelt 3-0, før vi må kjempe oss til ein siger mot det så langt femte beste laget i ligaen, Aldershot. Dei solide resultata denne månaden gjer tapet mot nedrykkskjempande Solihull Moors sviande. Derfor er det magisk å slå tilbake med ein 6-0 (!) siger på bortebane mot Eastleigh. Dette var ein magisk kamp å bevitne, der Lawrie gjorde det han har gjort best denne sesongen: Bøtta inn med mål! April: Altrincham 0-4 Tranmere Whitehawk 0-2 Altrincham - Danny Whitehead (2), Nick Haughton (83) Southport 1-2 Altrincham - Bradley Bell (16, 44) Altrincham 3-2 Gateshead - Nick Haughton (38), Bradley Bell (48, 64) Mot Tranmere får vi raskt beina på jorda igjen, med eit 4-0 tap. Dette vekker spelarane, og vi avsluttar sesongen med tre svært viktige sigrar, der Bradley Bell verkeleg fekk vist seg fram som ein stor spelar, til tross for den unge alderen sin. Fire mål på dei to siste kampane, matchvinner i begge, sørga for at Alty fekk ein perfekt avslutning på ligaspelet. Ja, for det er nettopp ligaspelet som er over for i år. Ikkje sesongen. Du veit kva det betyr! Altrincham skal spele playoff for andre sesong på rad! Det vart ein ekstremt jamn sesong, og med to serierundar igjen kunne vi hamne på alt mellom 2. og 10. plass, og før den siste serierunda kunne vi hamn mellom 2. og 7.! Derfor var den sterke avslutninga særs viktig, og vi hamna på ein smått utruleg 3. plass. Lincoln rykka rett opp, Tranmere, Alty, Sutton United og Stevenage hamna på henhaldsvis 2., 3., 4. og 5. plass. Det vil sei at Altrincham skal kjempe mot Sutton United om ein plass i play off finalen. Playoff semifinale: Sutton United 1-2 Altrincham - James Lawrie (str. 2), John Rooney (65) Altrincham 3-2 Sutton United - James Lawrie (10), Bradley Bell (14), Danny Whitehead (77) To kampar, to sigrar! Vi opnar fantastisk, og tek leiinga borte allereie etter 2 minutt. Det blir berre betre når Rooney doblar leiinga etter pause. To minutt etter scoringa til Rooney får Sutton ein mann utvist, men klarar likevel å score eitt siste mål på heimebane. I returoppgjeret ser det ut til at vi klarar å spikre igjen kista etter 14 minutt med ein 4-1 leiing samanlagt, men Sutton kjempa seg tilbake. Likevel blir det forhaldsvis komfortabelt med ein 5-3 siger samanlagt. Dermed skal vi møte Tranmere som slo ut Stevenage 2-1 i finalen på Wembley! Playoff finale: Altrincham 3-0 Tranmere - Jordan Linley (17), James Lawrie (str. 35), Nicholas Lee (59) FOR EIN FINALE! Vi køyrer over sterke Tranmere, og vinn velfortjent 3-0 i finalen. 38.000 tilskodarar var på plass for å følgje denne finalen, kampen om opprykk til Sky Bet League 2, og dei aller fleste måtte gå skuffa heim. 31.000 Tranmere fans såg laget sitt bli slått av 'the Giantkillers' Altrincham, som avslutta sesongen med 6 sigrar på rad. Lawrie leverte nok ein gong framfor mål, og den lokale helten, unggutten Nicholas Lee fastsatte resultatet med sesongens siste scoring etter 59 minutt spelt. Og med det runda han av ein heilt fantastisk sesong for The Robins! Ligatabellen etter endt sesong, som bekreftar at Altrincham nok ein gong skal klatre ein divisjon, og neste år skal dei spele i Sky Bet League 2! Vi er ikkje ein non-league klubb lenger! Prisdryss: 18 år gamle Bradley Bell på utlån frå MK Dons sikra seg årets spelar i Vanarama National League, etter ein fantastisk sesong. 20 scoringar frå sin posisjon som sentral midtbane er heilt utruleg! James Lawrie netta heile 30 gongar for oss denne sesongen, og blei med det den nest mest scorande spelaren i ligaen. Dersom man ser på statsa til den offensive midtbane spelaren skulle man ikkje tru at han skulle klare dette, med blandt anna 10 i finishing, acceleration og pace, og 9 i composure, men han klarte det utrulege. Eg vann også årets manager (for andre året på rad)! Deilig følelse, la oss halde fram slik! Årets spelar blei med det toppscoraren, James Lawrie, med Bradley Bell hakk i hæl. Nick Haughton blei årets signering, medan Bell sikra seg årets unge spelar. Etter at vi rykka opp la vi om til ein meir defensiv formasjon, som du kan sjå til høgre. Lawrie fungerte som skyggespiss, og netta meir enn forventa frå den posisjonen. Hannigan blei ikkje brukt like mykje som William Smith eller Osbourne i ankerposisjonen, men fekk likevel plassen der på årets lag. Merkeleg synes eg, etter å ha starta 0 kampar denne sesongen, og hoppa inn 39(!). Statistikk er alltid moro, særleg når man gjer det bra. Vi har mest kontinuitet i laget, med Pollock, Bell og Hutchins på bana i samtlege ligakampar denne sesongen! Bell, Lawrie og Whitehead er også dei tre spelarane som toppar gjenomsnittleg rating lista i år! Lawrie nest flest scoringar, medan Bell, frå sin posisjon som MC scora 7. mest i ligaen! Lag-statsa eg også morosame, med Alty som det desidert mestscorande laget, med 91 mål. Vi har best gjennomsnittleg ballinnehav, treff mål oftast og flest gjennomførte pasningar. Vi avsluttar også sesongen best med 6 sigrar på rad, utan å ha brukt ei einaste krone på overgongar. Stevenage, til samanlikning, som enda på 5. plass og tapte i semifinalen i playoffen brukte mest, med £361K! Vi har også den nest lågaste lønningsslippen i ligaen, med £241K, medan Tranmere, som tapte mot oss i finalen har utgifter på £1,5M. Og med det var den andre sesongen komen til ein slutt. Vi har nok ein gong sikra oss eit opprykk, men den neste sesongen kjem til å bli enda hardare. Det blir spennande å sjå korleis vi klarar oss i ein ny liga, forhåpentlegvis kan vi halde fram med den gode trenden. Opprykk er på langt nær målet, klarar vi å unngå å rykke ned er eg meir enn lukkeleg. Korleis endar vi opp til slutt? Følg med vidare, så får du vite svaret!
  9. Fantatiske resutat du leverer nok ein gong. Spennande å sjå korleis du klarar deg gjennom ein heil sesong. Hadde vore kjekt med seier i Supporter's Shield, sjølv om det sjølvsagt er CL som er hovudmålet.
  10. 2017/18 - Haust: Overgongar: - Nick Haughton - Gratis - 4. November - William Smith - Barnsley - Lån - 11. Desember - Matt Urwin - Fleetwood - Lån - 30. Desember - Sean Miller - Trafford - Lån - 16. Desember - Brad Coggins - Matlock Town - Gratis - 29. Desember Som nemnt tidlegare, så er overgongsvindauget opent bortimot heile sesongen, noko som betyr at spelarar kjem og går, også mellom pre-season og januar. Signeringa av Nick Haughton er den største eg har fått til så langt i min karriere her i Altrincham. Eg forsøkte å signere han i min første sesong i klubben, då på lån. Den gongen valgte han heller å gå til Tamworth, der han fekk seg 10 kampar. I forkant av dette har han spelt over 40 kampar i Sky Bet League 1, så det er ein mann som allereie har erfaring frå høgare nivå. Forsøkte å signere han så snart kontrakta med Fleetwood gikk ut, men han ville ikkje gå inn i kontraktsforhandlingar før vi kom til November. Er spent på kva han kan tilføre. 5-6 månadars skadeavbrekk på James Spencer tvang oss til å sjå etter ein keeper, og valet falt på Matt Urwin. Isaac Osbourne har levert greie prestasjonar på midtbana vår, men er så ofte suspendert at Smith kom inn for å gi oss betre breidde i det defensive midtbane leddet. Sean Miller har nok ingen framtid i klubben, men erfaringar han kan få frå Trafford kan hjelpe han vidare. Coggins blei aldri den spelaren man hadde trudd/håpa på, så han gikk tilbake nokon divisjonar, til Matlock Town. Vanarama National League: August: Woking 2-3 Altrincham - James Lawrie (16, 37), Danny Whitehead (64) Altrincham 2-1 Dag&Red - James Lawrie (40, 48) Torquay 1-0 Altrincham Wrexham 3-3 Altrincham - James Lawrie (15, 37), Bradley Bell (49) Altrincham 1-3 Lincoln - Jordan Linley (38) Altrincham 1-1 Chelmsford City - Damian Reeves (67) For ein start vi får på sesongen vår! Vi slår først Woking borte, før vi følger opp med å slå ein av dei store opprykksfavorittane, Dag&Red heime. Den store mannen i starten på denne sesongen er James Lawrie, som scorar seks mål på dei første fire kampane. Dei fire siste kampane er noko meir skuffande, med tap mot Torquay og Lincoln og poengdeling mot Wrexham og Chelmsford. Likevel får vi ein drøymestart på sesongen med 8 poeng på dei første seks kampane. Vi er på god veg mot å overleve, og har plassert oss fint, midt på tabellen. September: Altrincham 1-1 Newport County - Danny Whitehead (5), RK: Isaac Osbourne (40) Altrincham 3-2 Bromley - Nicholas Lee (32), James Lawrie (51), Danny Whitehead (62) York City 1-4 Altrincham - James Lawrie (14), Nicholas Lee (20, 50), Terry Hutchins (72) Tamworth 0-1 Altrincham - Bradley Bell (27), RK: Jordan Linley (32) Boreham Wood 1-2 Altrincham - James Lawrie (45+1), Bradley Bell (73) Altrincham 1-3 Stevenage - Damian Reeves (90+1) Wow, dette må vere ein av dei beste månadane eg har hatt på så langt hos Alty! Etter sigeren over Boreham Wood låg vi faktisk så høgt oppe som ein 6. plass! Vi leiar lenge mot Newport, men så får Osbourne eit raudt kort, og vi tapar initiativet i kampen, og bortelaget kjem tilbake like etter pause og sikrar seg eitt poeng. Etter dette finn vi flyten, og overbevisar gong på gong, med fire solide sigrar på rad. I den siste kampen denne månaden møter vi eit Stevenage som er forventa å rykke opp, og dei viser seg for sterke, og vinn 1-3. Sett vekk frå dette resultatet leverer vi ein heilt fantastisk månad! Oktober: Guiseley 1-3 Altrincham - Bradley Bell (11, 16), James Lawrie (43) Maidstone United 1-1 Altrincham - James Lawrie (18) Altrincham 0-1 Sutton United Chester 2-3 Altrincham - Isaac Osbourne (37), Nicholas Lee (40), Damian Reeves (87) Altrincham 1-2 Aldershot - Damian Reeves (76) Det er ikkje like eventyrleg som den førre månaden, men vi kan absolutt ikkje klage på desse resultata heller. To fine sigrar mot Guiseley og Chester, og ein sterk poengdeling mot eit solid Maidstone. Sutton og Aldershot blei desverre for sterke for oss, men ein hadde strengt tatt ikkje forventa så mykje anna. Det at vi faktisk er inne på topp 10 etter 18 kampar er noko vi kan vere stolte over, og forhåpentlegvis kan denne formen halde fram. November: Solihull Moors 0-1 Altrincham - James Lawrie (7) Altrincham 4-1 Eastleigh - James Lawrie (18, str. 68), Danny Whitehead (33), Bradley Bell (57) Tranmere 1-1 Altrincham - Danny Whitehead (36) Gateshead 2-2 Altrincham - Danny Whitehead (47, 80) Altrincham 1-2 Whitehawk - Bradley Bell (18) Vi tar det kamp for kamp: Første kamp sikrar Lawrie oss sigeren med sin scoring etter 7 minutt. Etter dette fortsatte vi å trykke på, men Moors forsvarte seg sterkt. Mot slutten satsa dei meir framover, vi kontra, men ingen klarte å score meir enn målet til Lawrie. I den neste kampen lausnar det verkeleg, og Lawrie er nok ein gong sentral i jakten på siger. Eastleigh blei for svake, Alty for effektive. Mot Tranmere viser vi nok ein gong styrke, og tar leiinga i første omgang. Med litt over ein time på klokka utliknar Tranmere, og vi klarte ikkje å behalde alle poenga. Ein historie som skal gjenta seg mot Gateshead då vi leia to gongar, men to scoringar av Sylvian Ebanks-Blake (ein mann med 10 mål i Premier League), etter 79 og 88 minutt gjorde at det nok ein gong blei poengdeling. Svært skuffande å ikkje klare å halde på leiinga i denne kampen. Det klarar vi heller ikkje mot Whitehawk.Fram til det var spelt 77 minutt såg det ut til at Bell kunne bli matchvinner, men så snudde Whitehawks kampen, og vi gjekk tomhendte heim... Likevel, ein sterk månad, men vi kunne gjort det så mykje betre... Desember: Altrincham 2-1 Southport - Nicholas Lee (28), Dion Charles (55) Altrincham 1-1 Woking - Bradley Bell (31), RK: Isaac Osbourne (62) Altrincham 1-2 Torquay - Nick Haughton (30) Dag&Red 2-0 Altrincham Lincoln City 1-4 Altrincham - Bradley Bell (3), Nick Haughton (30), James Lawrie (59), Jake Moult (85) Mot Southport var det faktisk bortelaget som fekk den beste starten, og leiia i heile 4 minutt før Lee sørga for balanse. Ti minutt etter sidebytte var det Charles som blei matchvinner med sin første scoring for klubben. Etter dette falt vi tilbake til gamle synder mot både Woking og Torquay, etter å ha tapt leiinga etter henhaldsvis 87 og 72 minutt... Når skal vi lære oss å forsvare ein leiing? Mot Dag & Red blir vi ikkje overraskande eit par nummer for små, før vi sjokkerte heile ligaen med å knuse laget som toppa tabellen med 8 poeng før kampen! Ein sterk prestasjon vi gjerne kan kopiere når vi går inn i det nye året. For dersom vi klarar det kan denne sesongen bli heilt eventyrleg! Før vi går inn i eit nytt år ligg vi på ein svært overraskande 8. plass, med tre poeng opp til playoff plassane, og 20 poeng ned til plassen spådd av media, 23. Måtte det fortsette. FA Cup: Altrincham 2-1 Lincoln - Terry Hutchins (2), Jake Moult (76) - 4. kvalifiseringsrunde Altrincham 0-1 Swindon Town - 1. runde Vi kjem oss til 1. runde, slik styret hadde håpa, men der seier det også stopp. Vi er uheldige med trekninga, i år også, og møter League 1 laget Swindon. Vi leverer ein god forestilling, og tapar berre med eitt mål. Eg hadde selvfølgelig håpa på eit ordentleg 'run' i denne cupen i år, og kanskje klart å karra oss til ein 3./4. runde, der dei verkelege kanonane ventar, men det skjedde desverre ikkje. Kanskje neste år? FA Trophy: Altrincham 3-3 Wrexham - James Lawrie (28, str. 90+2), Nick Haughton (63) - 1. runde Wrexham 2-0 Altrincham - 1. runde omkamp Slik som i fjor møter vi Wrexham i FA Trophy, og slik som i fjor endar det med ein omkamp. Det som desverre ikkje matchar fjoråret er at vi endar opp med å tape 2-0 på bortebane mot det sterke walisiske laget. Vi leverer to greie kampar, men det er ikkje nok til eit nytt cuprun, og vi er med det ute av begge cupane allereie før nyttår. Kjipt er det, men det gir oss muligheten til å satse alt på ligaen!
  11. Wow, det må eg sei, dette er verkeleg solide prestasjonar. Dette hadde eg aldri trudd du skulle få til med den starten Montreal hadde på sesongen. Imponerande saker, no skal det bli spennande å sjå korleis det går over ein full sesong, samt kva som skjer på overgangsmarkedet.
  12. Pre Season 2017/18: Forventningar: Styret: Kjemp tappert mot nedrykk, nå første runde i FA-Cupen og andre runde i FA-Trophy. Media: 23. plass, med odds på 751,00 på å vinne ligaen. Oddsen for at vi går ned er på 2,10. Eigne forventningar: Mykje avhenger av kva vi får til på overgangsfronten, men å unngå nedrykk skal vere innanfor rekkvidde. Å kome seg eit stykke i FA-Cupen hadde også vore deilig, med tanke på ekstra midlar i kassa. Overgongar: - Terry Hutchins - MK Dons - Lån - Dion Charles - Fleetwood - Lån - Bradley Bell - MK Dons - Lån - Danny Whitehead - Wigan - Lån Det er faktisk det vi har å melde når det gjeld overgongar inn så langt denne sesongen. Eg seier så langt, ettersom overgongsvindauget er opent gjennom bortimot heile sesongen. Vi klarar å forlenge lånet til Hutchins, noko som kan vise seg å vere den viktigaste signeringa vår i år. Vi slepp å betale noko som helst for å ha han her, og han er vår sterkaste stoppar, utan tvil. Eg er også spent på kva Dion Charles klarar å levere denne sesongen, ein svært spennande spelar som er på lån ut sesongen. Bradley Bell kjem inn på midtbana vår, og forsterkar den. Vi sikrar oss også solide Danny Whitehead frå Wigan, som er einaste spelaren vi faktisk betalar for å ha i troppen av desse fire (£150 i lønn). Eg føler at vi er klare for utfordringa VNL kan gi oss. Vi har ikkje mista nokon sentrale skikkelsar foran sesongen, og i fjor slo vi tross alt Tranmere Rovers (7.) og Wrexham (6.) ut av FA-Trophy. Ingenting er umogleg, særleg ikkje det å overleve i denne divisjonen. Når det gjeld spelarar som har forlatt oss er der ikkje noko spesielt å melde. Vi klarte å kvitte oss med McWilliams, Patterson og Hobson, tre spelarar som knapt nok var på bana førre sesong, på utgåande kontrakt. Det same gjeld Densmore, og ein unggut i Conor Vernon. I tillegg forlot Micah Evans oss på free transfer til Chester. Ingen store tap, igrunnen berre frigjering av midlar til lønning. Ungdomsopptak: Vel, når man spelar på nivå 5 i England kan man ikkje forvente å ta imot den neste Messi eller Ronaldo gjennom ungdomsopptak, noko vi heller ikkje gjorde. Likevel vil eg nemne to spelarar som kom opp, og som kan få nokre minutt for A-laget denne sesongen. - Andy Nixon - AMC - Eddie McGarry - MC Som sagt: Man kan ikkje forvente det heilt store, men det er betre enn ingenting. McGarry scora i pre-season, medan Nixon fekk tre innhopp. Vi får sjå kva framtida vil bringe for desse guttane. Treningskampar: Altrincham 2-1 Kidderminster Harriers - Dion Charles (20), Nicholas Lee (66) Altrincham 0-4 Everton - RK: Simon Richman (58) Altrincham 2-1 Coventry - James Lawrie (37), Eddie McGarry (56) Radcliffe Olympic 0-1 Altrincham - James Lawrie (16) Aberystwyth 1-1 Altrincham - Damian Reeves (69) Altrincham 4-2 FC United of Manchester - Simon Richman (11), Josh Dolling (51), Damian Reeves (81, 86) Altrincham 0-3 Reading U23 - RK: Jordan Linley (9) Altrincham 1-3 Barnsley - Bradley Bell (21) I fjor resulterte pre-season i ein siger, tre tap og ein uavgjort. I år leverte vi mykje betre prestasjonar gjennom heile perioden. Vi vinn fire, tapar tre og spelar ein uavgjort. Sigeren over Coventry er utan tvil høgdepunktet i denne perioden. Coventry, som til dagleg spelar i League 1, blei til slutt eitt hakk for små for Eddie McGarry og resten av laget, noko som sørga for ein stor boost i sjølvtilliten vår. Oppskriftsmessig siger over Radcliffe og FC United, før to litt sviande tap. Jordan Linley hadde verkeleg ein mørk dag på jobben mot Reading, då han først etter 3 minutt scora sjølvmål, for så å sjå det raude kortet etter ein skrekktakling seks minutt seinare. Sterkt å 'berre' tape 0-3 mot eit så sterkt lag etter ein slik kalddusj til å byrje med. Mot Barnsley leverar vi også ein heilt fantastisk time, og ledar 1-0 fram til det er spelt 65 minutt. Adam Jackson, Sam Gallagher og Gary Mackay-Steven snudde det så for Barnsley, og kvaliteten på dei spelarane fortel mykje om kor godt vi faktisk gjorde det i denne kampen. Også må det seiast at eg har spart det beste til slutt. Kampen mot Everton vart litt av ein forestilling for publikummet som møtte opp på Moss Lane. Eit minne for livet for dei fleste, som såg Altrincham halde Everton til 0-0 i 52 minutt. Etter dette, og det raude kortet til Richman, viste Everton klasseforskjellen mellom laga, men ein minneverdig kamp, i ein solid pre-season. Eg er spent på korleis laget vil klare seg i ein tøffare divisjon, men forhåpentligvis er ikkje skilnaden FOR stor mellom desse divisjonane...
  13. Tusen takk for det! Herlig følelse å få til opprykk på første forsøk, men kunne med fordel gjort det litt mindre spennande... Aldri opplevd noko liknande som den play-off finalen, med tre scoringar i den andre ekstraomgangen, deriblandt dei to måla som gjorde at Reeves vann toppscorar-tittelen i ligaen. Når det gjeld den komande sesongen er eg spent, det er vanskeleg å fornye uten å bruke meir pengar enn det vi i utgangspunktet kan, så det gjeld å vere smarte. Forhåpentligvis klarar vi å overraske.
  14. Siste halvdel av første sesong: Overgongar: - Terry Hutchins - MK Dons - Lån - Isaac Osbourne - Gratis - Sam Heathcote - Dunstable Town - Gratis - John Cyrus - Darlington - Gratis - Brad Coggins - Buxton - Lån Forsvaret vårt har gjort ein svak jobb i det siste, og meir eller mindre svikta. Derfor var det ein stor glede å kunne annonsere overgongen til Terry Hutchins, eit stort talent, og allereie ein svært god spelar. Mot slutten av sesongen hopa skadene seg opp på midtbana vår, og det blei derfor ein nødvendighet å signere ein ny midtbanespelar. Med få spelarar tilgjengelige landa man tilslutt på Osbourne, ein solid, defensivt orientert midtbanespelar. Cyrus og Heathcote forsvann permanent i dette vinduet, då ingen av dei eigentleg hadde ein framtid i klubben. Coggins forsvann også på utlån, med håp om at han skulle skaffe seg erfaring og utvikling i Buxton. Vanarama National League North: Januar: Altrincham 2-0 Gloucester - Damian Reeves (8), Jake Moult (57) Altrincham 3-1 Gainsborough Trinity - Damian Reeves (51, 60), David Connolly (62) RK: Simon Richman (65) Chorley 1-1 Altrincham - Nicholas Lee (37) AFC Fylde 3-0 Altrincham - RK: Simon Richman (57), Terry Hutchins (60) Altrincham 1-2 Halifax Town - Damian Reeves (44) Månaden får ein perfekt start, då Gloucester og Gainsborough blir for små i møte med oss, men så stoppar det opp. Richman klarar å pådra seg to raude kort på tre kampar, og når både Richman og Hutchins får raudt mot Fylde blir utfordringa alt for stor. Sju poeng på fem kampar er ikkje heilt der vi ønsker å vere, spesielt ikkje når vi kjempar om opprykk. Men på same tid avgir dei andre laga rundt oss poeng også, så krise er det ikkje. Februar: Darlington 1-0 Altrincham Altrincham 0-2 Harrogate Town Altrincham 3-2 Worcester - James Lawrie (33, 43), Damian Reeves (62) Ajajaj... Vi går mållause av bana både mot Harrogate og Darlington, og tapar begge kampane. Mot Worcester klarar vi heldigvis å snu trenden, og scorar tre mål, og får med oss tre poeng. Skuffande månad, og vi må verkeleg klare å skjerpe oss framover. Mars: Telford 1-1 Altrincham - James Lawrie (59) Boston United 0-0 Altrincham Altrincham 0-1 Nuneaton Bradford Park Avenue 0-4 Altrincham - Harry Clifton (4), Damian Reeves (17), James Lawrie (str. 21, 79) Altrincham 2-1 Stalybridge - Nicholas Lee (27), James Lawrie (43) Eg begynder å lure på om eg nokon gong kjem til å oppelve ein månad som går ordentleg bra, der vi faktisk klarar å levere resultat i samtlige kampar... Vi byrjar med to poeng på tre kampar, og etter kampen mot Nuneaton låg vi så lågt som 8. plass på tabellen. Tidlegare Alty profilar byrja å stilje spørjeteikn rundt min evne som manager. Derfor var sigeren mot Bradford heilt fantastisk, akkurat det eg trengte. Når vi også klarte å følge opp mot Stalybridge kunne eg puste ut littegran. April: Salford 1-1 Altrincham - Damian Reeves (21) Altrincham 0-0 Brackley Curzon Ashton 0-3 Altrincham - Josh Venney (4), Nicholas Lee (35, 47) Altrincham 1-1 Kidderminster - James Lawrie (59) Altrincham 0-1 Alfreton - RK: Jordan Linley (23) Tamworth 1-3 Altrincham - James Lawrie (12), Jake Moult (64), Micah Evans (66) Sesongens siste månad blir nok ein berg og dalbane. To uavgjorte kampar etterfulgt at storsiger. Det var optimisme i leiren etter Curzon resultatet, med håp om å kunne sikre seg ligagullet, og direkte opprykk. Det blei desverre knust etter fem tapte poeng i dei to neste kampane. Foran siste kamp mot Tamworth kunne vi ende på alt mellom 2. og 8. plass, i det som var ein svært jamn sesong. Ein 3-1 siger over laget som allereie har blitt kåra til ligameister sørga for at vi enda opp på ein solid 3. plass i ligaen, og er klare for play-off mot AFC Fylde. Play-off Semifinale: AFC Fylde 1-1 Altrincham - James Lawrie (75) Altrincham 4-3 AFC Fylde - Micah Evans (20), Jake Moult (46), Andy McWilliams (75), Josh Dolling (86) Etter ein time tok AFC Fylde leiinga 1-0 på heimebane, og fansen gikk fullstendig amok. Derfor blei det eit antiklimaks for heimefansen då Lawrie satte inn utlikninga etter 75 minutt. Dette blei også sluttresultatet, noko som betyr at det er Alty fansen som kunne vere mest fornøgd etter den første kampen, med eit bortemål, og ungikk tap. Returoppgjøret blei eit heilt vanvittig fyrverkeri, og det heile starta etter eit minutt, då Fylde tok leiinga 1-0, nok ein gong. Ein halvtime seinare hadde Fylde scora to mål til, medan Alty berre hadde ein scoring, noko som betydde 1-3 i kampen, og 2-4 samanlagt, noko som også var faktum ved pause. Etter pause brukte Moult berre eitt minutt før han reduserte leiinga, før mannen som knapt nok har spelt denne sesongen, McWilliams utlikna leiinga. Fire minutt før slutt sprinta Dolling i frå forsvaret til Fylde, og sendte Altrincham sine fans til himmels. Vi var med det klare for finalen i Play-offen, der vi skal møte Bradford PA på heimebane. Sist vi møttest enda det med 4-0 til Alty... Play-off Finale: Altrincham 4-1 Bradford Park Avenue (e.e.o.) - James Lawrie (68, 118), Damian Reeves (107, 115) Wow, for ein finale vi får. For ein gongs skuld er det ikkje vi som er det beste laget. Gjennom dei to timane med fotball hadde Bradford nesten dobbelt så mange skot som oss, og hakket meir possesion. Likevel er det vi som trakk det lengste strået, og er klare for OPPRYKK! Etter 61 minutt havna vi under, før Lawrie utlikna. Etter dette kom der ikkje fleire mål før vi hadde komt til ekstraomgangane, og då rann dei inn. Først Reeves med to scoringar, også satte like greit Lawrie inn sitt andre mål for kvelden, og fastsatte resultatet til 4-1 til Altrincham, som er klare for å spele fotball i Vanarama National League neste sesong. Statistikk frå Vanarama National League North: Reeves var fantastisk denne sesongen, og blei kruna som toppscorar etter sine to mål i ekstraomgangane mot Bradford. Han hadde også den fjerde beste gjennomsnittlige ratingen, berre slått av lagkameratane sine, Clee og Lawrie, og Salford spiss Poole. Det eg likevel vil framheve spesielt er assistkongen, David Connolly. Den offensive midtbanespelaren fekk berre 27 kampar for oss denne sesongen, då lånet gikk ut mot slutten av januar. Likevel er han mannen med flest assist i ligaen denne sesongen. Det er ikkje rart vi sleit meir i andre halvdel av sesongen, utan ein spelar som dette på laget. Når det kjem til lagstatsa toppar vi dei punkta vi toppa ved jul. Vi er det mest scorande laget, laget med best ballinnehav og laget med størst treffprosent på pasningar. Dersom vi klarar å levere nokon lunde same prestasjonar neste sesong kan det bli spennande å sjå kor langt vi kan nå. FA Trophy: Altrincham 2-2 Tranmere Rovers - Damian Reeves (24), Shaun Densmore (74) - 2. Runde Tranmere Rovers 1-2 Altrincham - James Lawrie (41), Nicholas Lee (90) - 2. Runde Omkamp Halifax Town 1-1 Altrincham - Tom Hannigan (39) - 3. Runde Altrincham 2-1 Halifax Town - James Lawrie (5), Ben Pollock (43) - 3. Runde Omkamp Wrexham 2-2 Altrincham - Josh Dolling (46), Nicholas Lee (48) - Kvartfinale Altrincham 1-0 Wrexham (e.e.o.) - Micah Evans (119) - Kvartfinale Omkamp Altrincham 3-0 Oxford City - Jake Moult (27), James Lawrie (29, 32) Semifinale kamp 1 Oxford City 1-0 Altrincham (1-3 sammenlagt) Tamworth 2-0 Altrincham - Finale Det her skal ikkje vere mulig! Vi må ut i fem (!) omkampar på dei fem rundene det er mulig å bli tvunget til å spele omkamp, før vi endeleg klarar å vinne den første av to semifinalar. Eit heilt utruleg cup-run, men vi var til slutt eit lite nummer for små i finalen mot Tamworth. Det såg lenge ut til at også denne kampen skulle ebbe ut i ekstraomgangar, men Altrincham fansen som hadde reist til Wembley for å få med seg denne finalen måtte gå skuffa heim, etter at Tamworth scora to mål etter 89 og 90+2 minutt... Ein skuffande avslutning på sesongen, men vi må likevel sei oss svært godt fornøgde med eit opprykk, og ein finale i ein cup. No gjenstår det berre å sjå korleis vi klarar oss mot tøffare motstand. Kåringar: Clee, Reeves og Lawrie er fortjente vinnarar av årets spelar kåringa, der fansen har stemt fram sine favorittar. Pollock endar også opp som årets signering og årets unggutt, vel fortjent. No ser man framover, og det er på tide å forberede oss til ein sesong på eit høgare nivå. Kan vi klare å overleve? Stay tuned for more!
  15. Skjønner. Uansett så får vi satse på at ditt USA opphold er så kort som mulig, og at du etterkvart kjem deg vidare.