Leaderboard


Popular Content

Showing content with the highest reputation since 09/22/2017 in all areas

  1. 1 point
    Pre Season 2020/21: Forventningar: Styret: Kjemp tappert mot nedrykk, nå første runde i FA-Cupen og Ligacupen og andre runde i Checktrade Trophy. Media: 20. plass, med odds på 301,00 på å vinne ligaen. Oddsen for at vi går ned er på 2,50. Eigne forventningar: For ein gongs skuld har vi haldt oss i ein divisjon, og det gjer meg meir optimistisk enn før dei foregåande sesongane. Vi gjorde det greit mot slutten av sesongen i fjor, og eg håpar at vi klarar å prestere enda eitt hakk betre denne sesongen. Kor høgt oppe vi klarar å hamne er vanskeleg å sei, kanskje midt på tabellen? Det er lov å drøyme om play-off, who knows? Hovudmålet blir som vanleg å unngå nedrykk, så lista er ikkje satt veldig høgt. I cupane er eg alltid gira på eit cup-run, i håp om å få inn så mykje midlar som mogleg. Overgongar: - Sam Norris - Hull - Lån - Albert Andrew - Watford - Lån - Ged Perry - Sheffield Wednesday - Lån - Jack Everest - Bolton - Gratis - Sylvian Phillips - MK Dons - Gratis - Anthony O'Halloran - Blackpool - Gratis - Connor Furlong - MK Dons - Gratis - Louis Metcalfe - Huddersfield - Lån - Paul Towers - Norwich - Lån Nok ein gong ein sommar med mange signeringar. Dei tre første er spelarar som returnerar til klubben på eit nytt lån, der Norris kjem til å bli viktig defensivt, med tanke på fjorårssesongen, medan Perry er tilbake for å score fleire mål for klubben. Fjorårets beste spelar i ligaen, så det blir spennande å sjå kva han kan levere for oss denne sesongen. At Sheffield Wednesday lar oss låne han igjen er ikkje til å tru, men eg tar imot det eg kan få. I tillegg til dette er Andrew klar for sin tredje strake sesong på lån hos oss. 70 kampar og 7.24 i rating er ståa etter hans to første sesongar her. Ellers har vi også signert ein del spelarar som blei frigitt av sine tidlegare klubbar. Deriblant Everest som skal gi Linley hard kamp om plassen ute til høgre, medan Phillips vi være backup for Charles til å byrje med. O'Halloran kjem inn for å forsterke forsvaret, som ein slags backup spelar, med stort talent. Furlong er ein spelar mange faktisk har høyrt om, men som ikkje har levd heilt opp til potensialet sitt så langt i karrieren. Han kjem inn, også han som ein slags backup spelar, eller ein joker på benken. Den offensive midtbana vår er svært sterk, særleg etter signeringane av Perry, Furlong og Towers dette vindauget. Sistnemnte kjem inn på eit sesonglangt låneopphald, og kjem til å figurere regelmessig der framme. Til slutt får vi også inn Metcalfe på lån frå Huddersfield, ein mann som kjem til å kjempe med Batty og Coleman om plassen på DM. - Sam Berry - Gratis - Ben Pollock - Gratis - Terry Hawkridge - Gratis - Danny Whitehead - Gratis - Perry Ng - Walsall - £20K For første gong i karrieren klarar eg å selje ein spelar og få pengar for han. Perry Ng blei aldri ein hit på Moss Lane, og etter berre 9 kampar på den sesongen han var i klubben var det godt å få han av lønningslista. Og som om ikkje det var nok endar vi opp med å tene £20K på salget av han. Dei fire andre er spelarar som ikkje lenger held nivået i klubben, og som blei frigitt etter endt kontrakt. Treningskampar: Lincoln City 1-3 Altrincham - Connor Malley (40), Kyle Taylor (42), Jordan Linley (63) Altrincham 1-0 Birmingham - Ged Perry (30) Chorley 1-5 Altrincham - Ged Perry (20, 29), Daniel Batty (45+1), Nick Haughton (65), Kyle Taylor (67) Altrincham 2-1 Bournemouth - Daniel Batty (34), Ged Perry (71) Port Vale 1-2 Altrincham - Ged Perry (47), Anthony O'Halloran (70) Altrincham 0-1 Liverpool Hartlepool 2-2 Altrincham - Ged Perry (20, 85) Altrincham 0-1 Burnley Altrincham 2-2 Barrow - Kyle Taylor (1), Ged Perry (42) FC United of Manchester 1-3 Altrincham - James Lawrie (str. 70), Daniel Batty (79), Connor Malley (89) Ein fullstappa pre-season for å få dei nye spelarane inn i systemet vårt, og for å komme ordentleg i gong foran den nye sesongen. Vi opnar greit, med ein klar siger over Lincoln, akkurat som forventa. Etter dette overgår vi forventningane med å slå Championship laget Birmingham! Vi held så fram med å knuse lille Chorley, akkurat slik vi skal gjere. I den neste kampen overgår vi nok ein gong forventningane med ein siger over laget som i fjor enda på 10. plass i Premier League! Ein siger over Port Vale blir etterfulgt av eit oppløftande lite tap mot Liverpool, før vi skuffar mot Hartlepool, leverer ein ny solid kamp mot eit Premier League lag i Burnley, og spelar på ny 2-2 mot eit League 2 lag... Går litt opp og ned, men det er slik det er i pre season. Vi avsluttar oppladninga til den nye sesongen med ein solid siger mot FC United of Manchester, og er med det klare for ein ny sesong. Forhåpentlegvis kan den bli betre enn den førre, stallen er iallfall sterkare, og eg er iallfall spent! Korleis det går får du vite om du følger med vidare!
  2. 1 point
    2018/19 - Vår Overgongar: - Eddie Hancock - Ipswich Town - Lån Når lånet til Woolston blir avbrutt grunn null speletid måtte vi få inn ein ny keeper som kunne vere backup for Aspinall. Særleg når sistnemnte blir skadd to dagar etter at Woolston returnerte til Newcastle. Hancock skal bli god å ha i troppen. Sky Bet League 2: Januar: Portsmouth 2-4 Altrincham - Nicholas Lee (24), Albert Andrew (64),James Lawrie (68), Danny Whitehead (72) Altrincham 1-4 Shrewsbury - Nicholas Lee (38) Grimsby 0-1 Altrincham - Nick Haughton (53) Altrincham 4-0 Luton Town - Nick Haughton (25, 45+1), James Lawrie (38), Terry Hawkridge (67) Notts County 0-2 Altrincham - James Lawrie (47), Danny Whitehead (65) Altrincham 2-0 Chesterfield - Nick Haughton (36), Jordan Linley (70) Årets første månad blir ein herleg ein for oss! Vi held fram med storspelet, og det er berre opprykksrival Shrewsbury som klarar å stoppe oss denne månaden. Tidlegare Premier League lad Portsmouth får kjenne på angrepsrekka vår i ein kamp som lever opp til forventningane. Etter tapet mot Shrewsbury klarar vi også det utrulege, iallfall til oss å vere - Vi held nullen i FIRE kampar på rad! Det trur eg ikkje har skjedd i min Alty karriere, og viser virkeleg kor sterke vi har blitt. Denne fantastiske formen har også gjort at vi har klatra på tabellen, og ligg no på ein andre plass, med luft ned til laga under oss! Februar: Exeter 2-1 Altrincham - Nick Haughton (64) Altrincham 0-2 Blackpool - RK: Terry Hutchins (70) Barrow 0-0 Altrincham Også traff vi den velkjente veggen... Ein katastrofe månad dersom vi ser på kampen om opprykk, som sjølvsagt har blitt eit fokus etter den magiske starten vi fekk på sesongen. Eitt poeng på tre kampar er nok til å få oss ned på jorda igjen etter nokre magiske månadar. Vi er ikkje stabile nok, og må verkeleg jobbe hardt på treningsfronten for å klare å halde trykket oppe. Mars: Bristol Rovers 2-0 Altrincham Altirncham 1-2 Accrington Stanley - Jack Little (s.m. 81) Altrincham 2-2 Forest Green Rovers - James Lawrie (21, 52) Altrincham 7-1 Leyton Orient - Connor Malley (14, 36), Kyle Taylor (18, 39, 85), Albert Andrew (21, 24) Southend United 0-2 Altrincham - Kyle Taylor (48), Connor Malley (84) Altrincham 2-1 Barnet - James Lawrie (7), Ethan Coleman (64) Oldham 3-0 Altrincham Altrincham 2-0 Yeovil Town - Kyle Taylor (22, 42) Seks ligakampar går vi utan å plukke ein einaste tre-poenger, og berre to poeng er Alty langt nede moralmessig. Vi har også falt frå ein forhaldsvis komfortabel 2. plass til 8. på tabellen. Det er nok ein gong spenning i kampen om opprykksplassane, og Alty ser ut til å senke akterut. Det var før kampen mot Leyton Orient. For ein måte å våkne til livet igjen på! Ikkje nok med at vi slår dei 7-1, men vi leda også 6-0 til pause! Vi er dødeleg effektive i denne matchen, og får betalt for strevet vi har haldt på med i det siste. Vi klarar også å følge opp denne sigeren med tre poeng mot både Barnet og Southend i tillegg, og desse tre resultata førar oss opp på ein tredje plass, og direkte opprykk, med 8 kampar igjen. Etter tre poeng på dei to siste denne månaden er dette framleis posisjonen vi klarar å halde fast ved. April: Doncaster 1-1 Altrincham - James Lawrie (64) Altrincham 2-3 Portsmouth - Nick Haughton (42), Kyle Taylor (88) Crawley 1-2 Altrincham - Bradley Bell (45), James Lawrie (57) Altrincham 3-2 Lincoln - Dion Charles (19, 33), Nicholas Lee (27) Ein heilt ok månad. Doncaster tok leiinga etter ein time, men Lawrie sørga for poengdeling like etterpå. Portsmouth får revasj for 4-2 tapet tidlegare denne sesongen, før vi plukkar seks poeng mot Crawley og Lincoln, to lag vi avsolutt skal slå. Vi heng framleis med i toppen, med ein tredjeplass før sesongens to siste serierundar. Vi skal møte Hartlepool og Crewe, to lag som også er med å kjempar om ein playoff plass. Mai: Hartlepool 4-1 Altrincham - Nick Haughton (54) Altrincham 1-0 Crewe - Ethan Coleman (84) Skulle det vere nødvendig å gjere det så spennande?? Eit braktap for Hartlepool gjer at vi verkeleg har press på oss foran den siste serierunda. Vi har ein svak målforskjell, og vi kjemapar mot Portsmouth og Accrington Stanley om den siste opprykksplassen i siste serierunde. Portsmouth vinn sin kamp komfortabelt 4-1, medan Accrington spelar 2-2. Dermed såg det lenge ut til at det var dei blåkledde som skulle sikre seg direkte opprykk gjennom ein tredjeplass, men så kjem Ethan Coleman på betre tankar, og med seks ordinere minutt igjen på klokka satte han ballen i nota, og sikra Alty sitt tredje opprykk på like mange år! Det er heilt uvirkeleg, heilt fantastisk! Det er tredje sesong på rad vi endar på ein tredje plass, og vi har overgått alle forventningar med dette opprykket. For ein eventyrleg sesong, korleis det er mogleg veit eg ikkje! Og her er det definitive beviset på at Altrincham nok ein gong skal opp eit nivå. Dette kan vi utan tvil takke våre offensive spelarar for, og vi endar faktisk opp som laget med nest flest scoringar. Defensivt var det ikkje så solid, og der er berre tre lag som slapp inn fleire mål enn oss denne sesongen... Menmen, det er poenga som teller! Statistikkane er nok ein gong fine å studere. Alty har best possesion igjen, med 55% som nyopprykka. I tillegg til dette er vi også best på å treffe mål, noko som ikkje er nokon ulempe når man spelar fotball. På individuelle prestasjonar leverar ein også mykje solid. Nok ein gong er det Lawrie som stjel showet, særleg med nøkkelpasningane hans, 98, med neste mann på lista, som også er Alty spelarar, Haughton og Taylor med 57 kvar! Enormt av laget dette. Lawrie har også best gjennomsnittleg rating, noko som ikkje er til å tru når du ser profilen hans... Ein ekte legende i klubben har han blitt, med 60 scoringar på dei tre siste sesongane, får offensiv midtbane posisjon! Cupar: EFL Liga Cup: Altrincham 1-4 Huddersfield - James Lawrie (73) - 1. Runde Vi ryk allereie i første runde, ikkje overraskande mtp. motstanden. Vi held ut i 45 minutt, men rett før pause sett Nahki Wells inn sin første av 4 scoringar, i ein kamp Huddersfield ikkje har nokon problem med å vinne. Checktrade Paint Trophy: Gruppe D: Rochdale 1-1s Altrincham - Nicholas Lee (37) (2-4 på straffer) Altrincham 1-2 Liverpool U23 - Nicholas Lee (37) Altrincham 3-1 Wigan - James Lawrie (2), Albert Andrew (17), Connor Malley (21)' Fem poeng på desse tre kampane er nok til avansement frå gruppe D Lincoln 3-3s Altrincham - Nick Haughton (25), Kyle Taylor (51), James Lawrie (74) (4-5 på straffer) - 2. Runde nord Bury 2-0 Altrincham - 3. Runde nord Vi kjem oss eit stykke i denne 'B' cupen, faktisk heilt til 8. dels finalane, der vi blei slått av Bury. Likevel fleire gode prestasjonar, særleg i kampen mot Liverpool, der Mignolet, Moreno, Can, Wijnaldum og Lucas starta, og Wijnaldum avgjorde kampen med eit straffespark etter 85 minutt. Ein cup vi kan vere stolte over. FA Cupen: Maidstone 0-2 Altrincham - Marcus Kelly (s.m. 63), James Lawrie (86) - 1. Runde Altrincham 3-1 Gillingham - Nick Haughton (26, 60), Bradley Bell (45) - 2. Runde Burton Albion 1-4 Altrincham - James Lawrie (5, 9, str. 90), Albert Andrew (50) - 3. Runde Altrincham 3-0 Chelsea - Albert Andrew (45+1), Kyle Taylor (str. 49), Nick Haughton (90) - 4. Runde Altrincham 1-3 Stoke City - Albert Andre (54) - 5. Runde For eit cuprun! Altså, det er fristande å byrje med slutten, men vi får ta det kronolgisk. Vi får enkel motstand i første runde, og slår National League North laget Maidstone enkelt 2-0. Vi hoppar så opp nokre divisjonar, og møter League 1 laget Gillingham, i ein kamp som faktisk ikkje byr på store problem, noko resultatet også avslører. Vi trudde vi skulle få for tøff motstand i den neste runda, i form av Championship laget Burton, men klarte utruleg nok å få eit resultat også her. Men det mest overraskande resultatet, det største eg har opplevd så langt i min karriere, større enn tre opprykk osv, er 3-0 seieren, fullt fortjent (!) mot Chelsea! Dei regjerande meistrane i Premier League, slått av lisje Altrincham! Greit nok, når du ser på lagoppstillinga frå matchen ser du at det ikkje var førstelaget dei stilte med, men who cares?! Alty slo Chelsea, og det vil for alltid stå i historiebøkene. The Giant Killers did it again! I 5. runde møter vi Stoke, og dei gjorde ikkje tabba til Chelsea, og stilte med eit solid mannskap, med blandt andre Lapadula og Shaquiri i startoppstillinga. Då gikk det som det måtte gå, og årets cup var over for denne gongen, men der kjem alltid ein ny sjanse. For cup er verkeleg gøy! For andre året på rad er Lawrie Alty's beste mann, med 76% av stemmene! Ein fantastisk sesong for nord-iren. Aspinall vinn faktisk årets signering - Ein mann speidarane mine fråråda meg å kjøpe. Årets unge spelar er Haughton, til tross for at han var ute med skade i fleire månadar i starten av sesongen. Ein god sesong i år, måtte neste bli like god!
  3. 1 point
    2017/18 - Siste halvdel: Overgongar: - John Rooney - Gratis - 1. Januar - Josh Dolling - Rushall Olympic - Lån - 27. mars Ikkje så mykje som skjedde på overgongsfronten etter nyttår, men vi sikrar oss Rooney som kjem til å gå inn i laget som ein backup spelar. Skader på Haughton, Lee og Whitehead tvang oss til å sjå oss om etter forsterkning, noko Rooney kjem til å vere. Dolling forlet oss i nokre månadar mot slutten av sesongen for å få seg nokon kampar hos National League North klubben Rushall Olympic. Januar: Newport County 3-1 Altrincham - Bradley Bell (1) Altincham 1-0 Wrexham - Bradley Bell (18) Chelmsford City 2-3 Altrincham - John Rooney (13), James Lawrie (17, 48) Altrincham 0-1 York City Det nye året får ein pangstart når Bell scorar borte mot Newport allereie etter eitt minutt, men som så mange gongar tidlegare denne sesongen klarar vi ikkje å halde fast ved leiinga, og Newport endar opp med ein siger. Bell scorar nok ein gong opningsmålet når vi møter Wrexham, og denne gongen klarar vi utruleg nok å halde på leiinga, og sikre oss tre viktige poeng. Tre poeng blir det også mot Chelmsford, etter at Rooney scora sitt første Alty mål, og Lawrie haldt fram med den fantastiske sesongen han har hatt i år ved å score to nye mål. Vi avslutta månaden med eit skuffande tap mot York City, etter at Klukowski scora kampens einaste mål etter ein time. Februar: Bromley 1-2 Altrincham - James Lawrie (38), Terry Hutchins (66) Boreham Wood 0-1 Altrincham - James Lawrie (78) Altrincham 3-2 Guiseley - Nick Haughton (26, 34), Bradey Bell (81) Altrincham 2-2 Tamworth - James Lawrie (3, 32) Vi reiser oss raskt etter tapet mot York, og klarar for ein gongs skuld å snu ein kamp. 4 minutt tok det før Bromley tok leiinga, men berre fem minutt seinare fekk dei ein mann utvist, og etter det var det bortimot einvegskøyring. Vi tar ein fortjent siger etter å ha kjempa hardt. Borte mot Boreham Wood tar vi tre nye poeng etter at Lawrie haldt fram med scoringsfesten sin. Runda etter klarar vi også å senke Guiseley, og til tross for resultatet, så hadde vi faktisk god kontroll i denne målfesten. Når vi så tok imot Tamworth heime falt vi tilbake til gamle synder, og gav frå oss to leiingar, i poengdelinga. Mars: Sutton United 4-1 Altrincham - James Lawrie (5) Stevenage 3-4 Altrincham - Danny Whitehead (8), James Lawrie (15), Nick Haughton (31, 37) Altrincham 1-1 Maidstone - Sam Berry (37) Altrincham 3-0 Chester - James Lawrie (17), Bradley Bell (81), Danny Whitehead (87) Aldershot 0-1 Altrincham - Dion Charles (53) Altrincham 0-2 Sulihull Moors Eastleigh 0-6 Altrincham - James Lawrie (2, 14, 70), Bradley Bell (33, 75), Jordan Linley (51) Dette her er ein meget sterk månad. Sutton er det store formlaget i ligaen når vi besøker dei. Vi tar leiing tidleg, men etter det er det einvegskøyring frå Sutton si side, og dei tek ein fortjent siger som gjer at dei framleis ligg på toppen av tabellen. Etter dette møter vi Stevenage, som foran kampen låg på ein 3. plass. Etter 31 minutt leiar vi 3-0, og etter 37 har vi ein 4-1 leiing. Vi slepp dei likevel tilbake i kampen, og det blir spenning lenge, men det er Alty som tek med seg poenga heim. Neste runde skal vi ut mot 4. plassen i ligaen, Maidstone. Berry sendte oss i føringa, men like før pause utliknar bortelaget på straffe, og sørgar for poengdeling. Chester blir ingen stor utfordring for Alty som har komt seg inn i flytsona, og vinn enkelt 3-0, før vi må kjempe oss til ein siger mot det så langt femte beste laget i ligaen, Aldershot. Dei solide resultata denne månaden gjer tapet mot nedrykkskjempande Solihull Moors sviande. Derfor er det magisk å slå tilbake med ein 6-0 (!) siger på bortebane mot Eastleigh. Dette var ein magisk kamp å bevitne, der Lawrie gjorde det han har gjort best denne sesongen: Bøtta inn med mål! April: Altrincham 0-4 Tranmere Whitehawk 0-2 Altrincham - Danny Whitehead (2), Nick Haughton (83) Southport 1-2 Altrincham - Bradley Bell (16, 44) Altrincham 3-2 Gateshead - Nick Haughton (38), Bradley Bell (48, 64) Mot Tranmere får vi raskt beina på jorda igjen, med eit 4-0 tap. Dette vekker spelarane, og vi avsluttar sesongen med tre svært viktige sigrar, der Bradley Bell verkeleg fekk vist seg fram som ein stor spelar, til tross for den unge alderen sin. Fire mål på dei to siste kampane, matchvinner i begge, sørga for at Alty fekk ein perfekt avslutning på ligaspelet. Ja, for det er nettopp ligaspelet som er over for i år. Ikkje sesongen. Du veit kva det betyr! Altrincham skal spele playoff for andre sesong på rad! Det vart ein ekstremt jamn sesong, og med to serierundar igjen kunne vi hamne på alt mellom 2. og 10. plass, og før den siste serierunda kunne vi hamn mellom 2. og 7.! Derfor var den sterke avslutninga særs viktig, og vi hamna på ein smått utruleg 3. plass. Lincoln rykka rett opp, Tranmere, Alty, Sutton United og Stevenage hamna på henhaldsvis 2., 3., 4. og 5. plass. Det vil sei at Altrincham skal kjempe mot Sutton United om ein plass i play off finalen. Playoff semifinale: Sutton United 1-2 Altrincham - James Lawrie (str. 2), John Rooney (65) Altrincham 3-2 Sutton United - James Lawrie (10), Bradley Bell (14), Danny Whitehead (77) To kampar, to sigrar! Vi opnar fantastisk, og tek leiinga borte allereie etter 2 minutt. Det blir berre betre når Rooney doblar leiinga etter pause. To minutt etter scoringa til Rooney får Sutton ein mann utvist, men klarar likevel å score eitt siste mål på heimebane. I returoppgjeret ser det ut til at vi klarar å spikre igjen kista etter 14 minutt med ein 4-1 leiing samanlagt, men Sutton kjempa seg tilbake. Likevel blir det forhaldsvis komfortabelt med ein 5-3 siger samanlagt. Dermed skal vi møte Tranmere som slo ut Stevenage 2-1 i finalen på Wembley! Playoff finale: Altrincham 3-0 Tranmere - Jordan Linley (17), James Lawrie (str. 35), Nicholas Lee (59) FOR EIN FINALE! Vi køyrer over sterke Tranmere, og vinn velfortjent 3-0 i finalen. 38.000 tilskodarar var på plass for å følgje denne finalen, kampen om opprykk til Sky Bet League 2, og dei aller fleste måtte gå skuffa heim. 31.000 Tranmere fans såg laget sitt bli slått av 'the Giantkillers' Altrincham, som avslutta sesongen med 6 sigrar på rad. Lawrie leverte nok ein gong framfor mål, og den lokale helten, unggutten Nicholas Lee fastsatte resultatet med sesongens siste scoring etter 59 minutt spelt. Og med det runda han av ein heilt fantastisk sesong for The Robins! Ligatabellen etter endt sesong, som bekreftar at Altrincham nok ein gong skal klatre ein divisjon, og neste år skal dei spele i Sky Bet League 2! Vi er ikkje ein non-league klubb lenger! Prisdryss: 18 år gamle Bradley Bell på utlån frå MK Dons sikra seg årets spelar i Vanarama National League, etter ein fantastisk sesong. 20 scoringar frå sin posisjon som sentral midtbane er heilt utruleg! James Lawrie netta heile 30 gongar for oss denne sesongen, og blei med det den nest mest scorande spelaren i ligaen. Dersom man ser på statsa til den offensive midtbane spelaren skulle man ikkje tru at han skulle klare dette, med blandt anna 10 i finishing, acceleration og pace, og 9 i composure, men han klarte det utrulege. Eg vann også årets manager (for andre året på rad)! Deilig følelse, la oss halde fram slik! Årets spelar blei med det toppscoraren, James Lawrie, med Bradley Bell hakk i hæl. Nick Haughton blei årets signering, medan Bell sikra seg årets unge spelar. Etter at vi rykka opp la vi om til ein meir defensiv formasjon, som du kan sjå til høgre. Lawrie fungerte som skyggespiss, og netta meir enn forventa frå den posisjonen. Hannigan blei ikkje brukt like mykje som William Smith eller Osbourne i ankerposisjonen, men fekk likevel plassen der på årets lag. Merkeleg synes eg, etter å ha starta 0 kampar denne sesongen, og hoppa inn 39(!). Statistikk er alltid moro, særleg når man gjer det bra. Vi har mest kontinuitet i laget, med Pollock, Bell og Hutchins på bana i samtlege ligakampar denne sesongen! Bell, Lawrie og Whitehead er også dei tre spelarane som toppar gjenomsnittleg rating lista i år! Lawrie nest flest scoringar, medan Bell, frå sin posisjon som MC scora 7. mest i ligaen! Lag-statsa eg også morosame, med Alty som det desidert mestscorande laget, med 91 mål. Vi har best gjennomsnittleg ballinnehav, treff mål oftast og flest gjennomførte pasningar. Vi avsluttar også sesongen best med 6 sigrar på rad, utan å ha brukt ei einaste krone på overgongar. Stevenage, til samanlikning, som enda på 5. plass og tapte i semifinalen i playoffen brukte mest, med £361K! Vi har også den nest lågaste lønningsslippen i ligaen, med £241K, medan Tranmere, som tapte mot oss i finalen har utgifter på £1,5M. Og med det var den andre sesongen komen til ein slutt. Vi har nok ein gong sikra oss eit opprykk, men den neste sesongen kjem til å bli enda hardare. Det blir spennande å sjå korleis vi klarar oss i ein ny liga, forhåpentlegvis kan vi halde fram med den gode trenden. Opprykk er på langt nær målet, klarar vi å unngå å rykke ned er eg meir enn lukkeleg. Korleis endar vi opp til slutt? Følg med vidare, så får du vite svaret!
  4. 1 point
    Del 15: Over all forventning Etter den gode starten hadde vi god mulighet til å kunne kvalifisere oss til spill på kontinentet, og med en liknende avslutning vil vi havne høyt på tabellen. Ønsket er jo at vi klarer å kvalifisere oss til Champions League, men Confederations Cup takker vi mer enn gjerne ja til. Sammen med styret øker vi forventningen til sesongen med å ende på øvre halvdel av tabellen, og vi får litt ekstra midler til lønnsbudsjettet. Vi forsterker troppen litt, blant annet med en gammel kjenning fra to sesonger siden, idet vi gjør oss klar for å kjempe videre. Overganger inn Junior Sibande Fri transfer Sbonga Mbatha Kaizer Chiefs Lån Treningskamper 28.12.20 Mthatha Bucks 0 – 2 Golden Arrows 31.01.21 Golden Arrows 2 – 1 Maritzburg United Kamper 10.02.21 Golden Arrows 3 – 1 Royal Eagles 16.02.21 Bidvest Wits 3 – 0 Golden Arrows 03.03.21 Jomo Cosmos 1 – 3 Golden Arrows 06.03.21 Orlando Pirates 0 – 0 Golden Arrows 09.03.21 Golden Arrows 1 – 0 SuperSport United 17.03.21 Golden Arrows 3 – 0 Free State Stars 03.04.21 Black Leopards 1 – 1 Golden Arrows 06.04.21 Golden Arrows 1 – 1 Ajax Cape Town 17.04.21 Golden Arrows 4 – 1 Chippa United 25.04.21 Santos FC 0 – 1 Golden Arrows 02.05.21 Golden Arrows 0 – 1 Cape Town City 04.05.21 Bloemfontein Celtic 1 – 2 Golden Arrows 15.05.21 Mamelodi Sundowns 0 – 1 Golden Arrows 22.05.21 Golden Arrows 1 – 1 Kaizer Chiefs 29.05.21 Golden Arrows 1 – 0 Highlands Park Cup: Nedbank Cup 21.02.21 Cape Town City 0 – 1 Golden Arrows (1. runde) 13.03.21 Polokwane City 0 – 1 Golden Arrows (2. runde) 11.04.21 SuperSport United 1 – 0 Golden Arrows (Kvartfinale) Tabell Spillerstatistikk Toppscorer: Gabadhino Mhango (20 mål) Høyeste gjennomsnittlige rating: Tshepo Rikhotso (7.13) Flest assists: Thembinkosi Lorch (11 målgivende) Best pasningsprosent: Ben Musaka (92%) Flest ganger banens beste: Gabadhino Mhango & Ali Maki Elrayah (3 ganger) Flest gule kort: Ben Musaka (10 gule kort) Flest røde kort: Ntuthuko Radebe (1 rødt kort) Sesongens priser Sesongens spiller blant fansen: Thembinkosi Lorch (34%) Sesongens signering: Tshepo Rikhotso Sesongens unge spiller: Thuso Motsepe Sesongens lag: For en sesong! Vi gjør skam på alle forhåndstips og jobber oss inn til 2. plass. Med den plasseringen er vi kvalifisert til Orange CAF Champions League kvalifiseringsrunde for 2022, og jeg vil da få min første mulighet til å sikre ett av de fem store troféene. Spillerne har virkelig kjempet godt denne sesongen, og Mhango ender som toppscorer i serien med 19 fulltreffere. Lorch er beste servitør med sine 11 assist, og Mbaeva deler flest nuller med sine 14. Vi har sluppet inn minst mål i serien, hatt ballen mest (med 57.90%) og vært best på pasninger (80% vellykket). Forstatt må vi klare å score mer mål ettersom 4 lag scorer mer enn oss, og vi scorer 13(!) mål mindre enn SuperSport United. Det blir noe å jobbe med til neste sesong.