FM08, mi meining...
Skrevet av: DuncanEdwards, okt 18, 2008
Kategorier: Ingen kategori
I starten...
Eg hadde store forventningar til spelet før det blei lansert. FM hadde tidlegare levert stadig bedre spel, og produsentane hadde klart å gjere spelet meir realistisk og underholdande for kvar gong.
Når spelet endelig havna på min PC gjekk det får sekund før eg blei irritert. Spelet var ultra-kvitt! Den vanvittig kvite bakgrunnen svei i augene, og det tok fleire dagar før eg blei vant til det. Som alltid går dei første timane med på å finne fram, teste ut knappar og leite seg fram til forskjellig. FM08 har kanskje verdensrekord i menyar og snarvegar, eg synes det var aaaaaltfor masse detaljar overalt.
Etterkvart...
Eg har no slutta å forvente for masse i starten av eit nytt FM. Til neste lansering er eg overbevist om at spelet vil innehalde fleire «teite» feil som vil bli retta opp etter 2-3 månader. Når eg kom igong med FM08 såg eg fort at ein del av «realismen» eg krever og forventar av spelet forsvann i urealistiske hendelsar. Halvparten av alle mål eg scora i alle klubbar blei scora via ein motspelar, minimum 80% av alle mål eg scora på innlegg blei anullert pga. dytting o.l. Heldigvis blei dette retta opp etterkvart, men du skulle tru at dette blei oppdaga når FM blir testa så masse før lansering.
Det at mange gode spelarar begynte å tape seg før dei fyllte 30 var også med på å gjere ting urealistisk. Du skal leite lenge etter ein spelar (utenom keeper) på over 33 år som presterer på FM08, eg såg dette ganske så tydelig når Van Nistelrooy var 33 år gamal i Real Madrid. Sesongen før hadde han scora jamnt og trutt, men når han fyllte 33 blei han aldri brukt til tross for ganske gode skills. Verdien gjekk frå 60mill til 1,9mill på kort tid, han blei solgt til PSV der han spelte to kampar og aldri scora. Eit fullstendig usannsynlig scenario.
Eg synes også at motstandaren på FM08 gjer usansynlige valg. Eit eksempel er at Arsenal kjøper Pazzini for 180mill og lar han spele 12 kampar på to heile sesongar. Ikkje var han plaga med skade, ikkje var han ein flopp, og han hadde heller ikkje så masse konkurranse om spissplassen.
Motstandarene var også lite langsiktige med tanke på utvikling av talent. Har du ein unggut på FM08 skal du banne på at ingen prøver å snappe han opp før han signerer profesjonell kontrakt.
Men den aller største skuffelsen av dei alle på FM08 var økonomien. Etter nokre få sesongar var dei største klubbane ufattelig rike, dei største stjernene fekk himmelhøge lønningar, og skulle du ha ei ferdiglaga stjerne måtte du ut med svimlande beløp. Økonomien kom fullstendig ut av kontroll etter kort tid.
Noko som ikkje blei bedre frå FM07 var det at når små klubbar plutselig rykker opp fleire divisjonar, så blir ofte ryktet ikkje bedre. Eg har opplevd å rykke opp til Premier League med tidligare småklubbar, for deretter å slite med eit usannsynleg lavt rykte, ein stadion på 15000 som styret ikkje meiner er vits å bygge ut, og ein trenarstab på 6 stk.
Det positive...
Det er selfølgelig lyspunkt også på FM08, ellers hadde eg ikkje spelt det enda etter eit år. Som alltid er produsentane suverene på researchen, noko som er alfa romeo (eller er det Opel Omega?) for å få spelet realistisk.
Det manglar ikkje på valg på FM08, som manager er det nesten ubegrensa kva du kan gjere. Du får ei veldig stor friheit til å kunne styre eit lag slik du vil, på den måten du vil. Og det er deilig.
Den heilheitlege utviklinga i spelet er god (uten om det med alder og økonomi), dei gode klubbane forblir stort sett gode, og dei dårlige forblir dårlige, med nokre få unntak. Ser ein på profesjonell fotball dei siste åra er utviklinga stort sett på denne måten.
Det som kanskje overraska meg mest positivt med FM08 var at det ikkje lenger fanst «juksespelarar». Researchavdelinga har nok blitt strengare på kva som er tillatt, tidligare fann du alltid nokre billige spelarar med elendige skills som scora vanvittig masse mål og kunne vinne alt på eiga hand, uansett lag. På FM08 var desse borte og det var vanskeligare å finne ei oppskrift for garantert suksess.
Alt i alt...
Med tanke på mine eigne forventningar må eg seie at FM08 var ein liten skuffelse. Like før lansering huskar eg at eg tenkte for meg sjølv at det einaste som var nødvendig frå FM07 var å oppdatere spelar/trenardatabasen og divisjonar og flytte alt eit år fram i tid.
Eg håper no at utviklarane bak FM09 ikkje tenker for masse på nyskaping og framtidsvisjonar, men forsøker å bygge vidare på det som er bra.
Eg legg ikkje opp til diskusjon rundt dette då den diskusjonen har versert i eit år.